Hopp til innhold

Sp fekk tredobla oppslutnad

Senterpartiet fekk 32,1 prosent i oppslutnad på skulevalet ved Dale vidaregåande skule.

Det er ei tredobling i høve valet i 2005.

Også Høgre gjorde det godt under skulevalet i går, med ein oppslutnad på 14,4 prosent. Dette er ei mangedobling i høve til førre val, der partiet berre fekk 0,52 prosent.

Størst tilbakegang hadde Arbeidarpartiet, som gjekk frå 53,37 prosent for fire år sidan, til 3,2 prosent ved skulevalet i år.