Sp får ordføraren i Aurland

Senterpartiet får både ordførar og varaordførar i Aurland, skriv Sogn Avis. Komande ordførar Trygve Skjerdal frå Senterpartiet går på sin første ordførarperiode, utan nokon politisk avtale som ville sikra partiet fleirtal i kommunestyret. Senterpartiet fekk 44,3 prosent av røystene i Aurland kommune ved valet.

Trygve Skjerdal i Aurland Røde Kors
Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK