Hopp til innhold

Difor droppar Senterpartiet tildelinga av Nobels fredspris

Senterpartiet kjem ikkje til å møte opp for å sjå Nobels fredspris bli delt ut 10. desember. Dei meiner å tildele EU prisen for fred er heilt feil.

Kollage EU og Erling Sande

VIL IKKJE: Stortingsrepresentant Erling Sande er klar på at korkje han eller andre frå partiet kjem til å stille under utdelinga av Nobels fredspris som i år er tildelt EU. Til venstre Thorbjørn Jagland, leiar av Nobelkomiteen.

Foto: Kyrre Lien / NRK/NTB Scanpix

Det var parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Lars Peder Brekk, som onsdag uttalte at partiet ønskjer å markere skikkeleg at dette ikkje er ei god fredssak dei ønskjer å støtte.

Stortingsrepresentant Erling Sande meiner partiet har gode grunnar for å ikkje stille på prisutdelinga.

– Grunnen til at vi ikkje har tenkt å bli med på feiringa er at vi meiner denne pristildelinga er upassande. Det å gi prisen til EU og gjere det på eit slikt tidspunkt vi no har, der EU gjennom Euro-eksperimentet har kasta millionar ut i arbeidsløyse og fattigdom, meiner vi blir heilt feil, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande.

Står opp for det dei trur på

Han legg til at dei forstår at det også er mange av innbyggjarane i EU som reagerer på det.

– Er ikkje dette berre ein måte å score billege, politiske poeng på?

– Nei, vi må stå opp for det vi trur på, og vi må stå inne for det vi meiner er rett. Når vi meiner at denne prisen er ei feil tildeling, så er det heller ikkje rett av oss å bli med på feiringa, seier Sande.

Han legg til at partiet heller vil bruke dagen til å setje fokus på demokratiet og menneskerettar generelt.

– Eg håpar også at vi kan få til å setje fokus på dei mange rundt om i verda som kjempar for demokrati og menneskerettar, men som blir diskriminerte og plaga og fengsla fordi dei kjempar for rettar som er sjølvsagde for oss, seier Sande.

Meiner det ikkje er i tråd med Nobel

Nobelinstituttet ved Geir Lundestad ønskjer ikkje å kommenteresaka, men seier at utdelinga ikkje handlar om norsk EU-medlemsskap og at ein må kunne sjå dette her i eit historisk perspektiv.

– Eg er samd med han i at dette ikkje handlar om norsk EU-medlemsskap, men det handlar om ei pristildeling til eit system som nett no opplever store konflikter fordi ein har ført eit finansielt eksperiment som ikkje har gått bra, Euroen er i krise. I tillegg har ein fått stadig større avstand mellom dei styrande og vanlege innbyggjarar, seier Sande.

Han legg til at dette handlar om Sp sitt syn på EU og den rolla dei har hatt i høve det å få ein fredspris.

– Dette er ikkje fullt i tråd med Nobel sitt ønske og testament. Då tykkjer vi det er rett å markere og vise Sp sitt syn på det, seier Sande.

Vert kalla barnslege

– Høgre kallar dykk for barnslege og påpeikar at ein må kunne vere ein motstandar av EU, men samstundes anerkjenne rolla EU har hatt opp gjennom historia. Kva seier du til det?

– Den tesa som tildelinga byggjer på, at viss det ikkje hadde vore krig i Europa, det er eg usamd i. Eg meiner det ikkje er ei sjølvfølge at alternativet til EU hadde vore eit Europa i oppløysing og i krig, seier Sande.

Han legg til at ein har historiske eksempel på krig i Europa.

– At det er EU utelukkande som er grunnen til at vi ikkje er kasta inn i fleire verdskrigar, det er eg rett og slett ikkje samd i, seier Sande.

– Også Senterungdommen har signalisert at alle partiets representantar skal halde seg vekk frå Nobel-seremonien. Dette er sterke signal.

– Vi ønskjer å markere at vi er usamde i tildelinga, vi meiner den er upassande. Vi vil heller få sett fokus på dei som fortener å få tildelt ein slik pris. Nemleg dei mange rundt om på kloden som kjempar for rettar vi tek for gitt, seier Sande.

Trur ikkje Nobel ville likt det

Han legg til at det er slike som dei som fortener prisen, ikkje EU.

– Men boikott er det same som kinesarane gjorde mot fredsprisvinnaren i forfjor, kva seier du til det?

– Boikott er eit veldig sterkt ord. Vi har sagt at vi ikkje ønskjer å delta på feiringa av denne prisen, så får andre kalle det boikott og barnsleg. Det er ei tydeleg markering frå vår side, seier Sande.

Han legg til at partiet meiner dette er i tråd med det som var tanken til Alfred Nobel bak fredsprisen.

– Eg trur ikkje Alfred Nobel hadde velsigna årets tildeling. Vi tykkjer ikkje det er ein direkte samanheng mellom det som står i Nobels testamente og det som er tildelinga i dette tilfellet, seier Sande.

Er framleis for fredsprisen

Han legg til at det då seier seg sjølv at partiet ikkje kan vere med å feire.

– Når vi kritiserer ei tildeling så kan vi heller ikkje vere med å feire, seier Sande.

– Kinesarane valde også å ikkje møte opp, samt å ta avstand til fredsprisvinnaren i forfjor. Ser du den raude tråden her?

– Nei, eg er grunnleggjande usamd i den raude tråden som du prøver å trekkje opp. Det vi snakkar om i år er ikkje tildeling av prisen til nokre oposisjonspolitikar som kjempar for noko av det som er omtalt i den grunnleggjande tanken bak prisen. Dette er ei tildeling til eit EU i krise, seier Sande.

Han legg til at det er ei tildeling til eit EU som opplever ei arbeisløyse på opp mot 25 millionar menneske.

– Dei føler usikkerheit for seg sjølve og sine familiar. At ein i ein slik situasjon tildeler EU fredsprisen det ber preg av at dette er eit prestisjeprosjekt først og fremst frå Thorbjørn Jagland si side, som er leiar av komiteen. Eg trur ein også må forvente ein debatt om kven som skal sitje i desse komiteane, seier Sande.

Han legg til at Sp støttar fredsprisen og instituttet.

– Vi ønskjer at ein held fram med å dele ut ein fredspris, men årets tildeling er upassande, seier Sande.