NRK Meny
Normal

Sovna og heldt på å gå glipp av dette synet

Truls Kleiven i Florø er veldig glad i å sjå på og fotografere nordlys. Men onsdag kveld heldt han på å sove seg gjennom heile det fantastiske lysshowet som nordhimmelen hadde å by på i klarvêret.

Nordlys i Florø

SPEKTAKULÆRT: Dette synet fekk Truls Kleiven foreviga då han vakna att.

Foto: Truls Kleiven

Han hadde sett seg ned for å sjå på den nye serien på NRK1 - "Ung og lovende".

– Men eg er ikkje akkurat i målgruppa for den serien. Eg ser ikkje på meg sjølv som korkje ung eller lovande, så det var sikkert det som gjorde at eg sovna på sofaen. Og då eg vakna att var det akkurat tidsnok til å få med meg slutten av nordlyset.

Han greip fotoapparatet sitt og fekk teke nokre bilete før nordlyset gav seg for kvelden.

– Det vesle eg fekk med meg var veldig intenst og levande. Det var og spesielt at det var så tidleg - før midnatt.

No håpar Truls Kleiven på fleire netter med klarvêr. Då har han som mål å halde seg vaken.

Nordlys i Florø

SIRKEL: Nordlyset danna nesten ein heil sirkel på himmelen over Florø.

Foto: Truls Kleiven