Hopp til innhold

Sovna frå kjele

Ein hybelbuar vart funnen medvitslaus av den over 80 år gamle husverten i Førde i dag tidleg. Røykvarslaren peip og kvinna ringde naudtelefonen.

Ein mann i 20-åra kan prise seg lukkeleg over at den over 80 år gamle husverten hans i Førde har god høyrsel.

Ved halv sju-tida i dag tidleg høyrde ho røykvarslaren i kjellarleiligheten og gjekk ned. Der fann ho mannen medvitslaus og ringde naudnummeret.

Ambulansefolka kom raskt og fekk liv i mannen og køyrde han til sjukehus for ein sjekk.

Røyken som slo ut mannen kom frå ei tørrkokt kasserolle på ovnen.