Hopp til innhold

Sovna bak rattet før krasj på E39

To personar var torsdag ettermiddag involvert i eit utforkøyring på E39 i Jølster. Bilen hamna utfor vegkanten og hamna etter vel 100 meter på bøen rett inn i eit naust. – Det var ein kraftig smell, fortel augevitne.

Personbil krasja i naust på E39 ved Helgheim

NAUST: Personbilen fekk relativt store skader etter møtet med naustet.

Foto: Steinar Lote / NRK

SISTE: Klokka 19.25 opplyser politiet på Twitter at den kvinnelege føraren i 20-åra har vedgått at ho sovna bak rattet. Politiet opprettar sak på forholdet.

Det er den kvinnelege føraren som sjølv har opplyst til politiet at ho sovna. Politiet er ikkje kjent med kor langt kvinna har køyrt.

– Dette kunne gått langt verre, seier operasjonsleiar Inge Verøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kom uskadde frå det

Politiet fekk klokka 17.20 torsdag ettermiddag inn melding om ei utforkøyring på E39 i Jølster. Uhellet skjedd like etter Helgheim kyrkje, i retning Skei.

– Det var to personar i bilen, begge var oppe og gjekk, opplyste operatør ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Sunniva Dybvik til NRK.no klokka 17.35. Politi og ambulanse var då på veg til staden.

Litt seinare kunne politiet opplyse at det hadde gått bra med dei involverte.

– Personane i bilen er uskadde, opplyste politiet på Twitter klokka 18.07.

Ifølgje politiet skal bilen ha kome utfor vegkanten og til slutt hamna i eit naust.

– Bilen har truleg kome utfor vegen med eit hjul eller to. Førar har truleg ikkje vore merksam nok. Vi har ikkje mistanke om rus, opplyser operasjonsleiar Inge Verøy til NRK.no klokka 18.20.

Trafikkuhell på E39 i Jølster

OVER BØEN: Bilen har hamna utfor vegen og køyrt eit stykke over bøen før den til slutt krasja inn i eit naust.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Høyrde eit smell

Knut Huus bur berre nokre hundre meter frå ulukkesstaden. Han sat saman med sonen på altanen då dei oppdaga bilen som kom utfor vegkanten.

– Vi såg bilen fare i full fart innover bøen før den small inn i naustet. Det var ein ganske kraftig smell, og fronten på bilen er ganske inntrykt.
Det er truleg airbaggen som har berga dei to i bilen frå å få større skader, seier Huus til NRK.no.

Han heiv seg i bilen og køyrde ned til staden. Som gamal ambulansesjåfør var hans første tanke å sjå til dei to i bilen.

– Dei var litt oppskaka, seier han.

Hadde det ikkje vore for naustet kunne bilen ha hamna i Jølstravatnet, fortel augevitnet.

– Dei var nesten heldige at det stod eit naust der, det vil eg seie.
Det er på tide det kjem ny veg her no, men neste vår begynner dei med arbeidet, seier Huus som er glad det gjekk bra med dei to involverte.

Helgheim i Jølster