NRK Meny
Normal

Sovna bak rattet - bilen hamna på taket

Tre personar måtte til sjukehus etter at bilen dei sat i køyrde i ein bergnabb mellom Kjøde og Årsheim på Fv 620 i morgontimane. Føraren vedgjekk å ha sovna bak rattet.

Politi

SOVNA: Ein bilførar sovna bak rattet og bilen hamna på taket på Fylkesveg 620 mellom Årsheim og Kjøde.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Det var klokka 0423 at politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrt i ein bergnabb og tippa rundt på taket.

Redningspersonell vart sendt til staden. Ein person vart sende til sjukehus på Nordfjordeid og to vart frakta med ambulanse til Førde sentralsjukehus.

Bilføraren vedgjekk å ha sovna bak rattet, og det er oppretta sak mot vedkommande ved Vågsøy lensmannskontor.

Vegen var stengd på staden i halvanna time for å få bilen ut av vegen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå