Hopp til innhold

Sovande mann utløyste terroralarm

Det var ein sovande mann som utløyste terroralarmen på Bergensbanen i går. Ekspertar og bombehund vart flogne inn til Myrdal for å sjekke kofferten.

Arkivfoto frå Myrdal stasjon
Foto: NRK

25-åringen hadde nok ikkje sett seg til å sove på toget om han hadde visst kva dette skulle medføre.

Ingen kjende kofferten

For då personalet på morgontoget frå Oslo til Bergen ikkje fekk kontakt med eigaren av ein koffert i godsrommet på toget, vart ein større aksjon sett i gang. Det vart sett i gang søk blant passasjerar og tilsette, men ingen av dei 150 personane ombord melde seg.

- Dei tilsette skal vite kva som er av folk og gods på toget. Då verken personalet på toget eller dei som var avløyste kjende til bagasjen, vart det opplyst på høgtalaren til passasjerane at eigaren måtte melde seg, fortel pressetalsmann i NSB, Preben Colstrup til Bergens Tidende.

Bombeekspertar frå Oslo

Men den sovande koffert-eigaren fekk aldri med seg denne beskjeden. Dermed vart politiet kontakta, og dei ba personalet setje kofferten av på Myrdal stasjon i Aurland.

Her sette Sogn og Fjordane politidistrikt i gang ein større aksjon der to ekspertar og ein hund frå bombegruppa i Oslo-politiet vart flogne inn med helikopter. I tillegg deltok også politibetjentar frå Aurland. Bombehunden undersøkte kofferten før den vart opna, men ingenting farleg vart funne.

Forseinka tog

Sjølv vart 25-åringen tatt hand om av politiet i Bergen då han vakna og skulle hente bagasjen sin i godsrommet.

- Denne personen gav ei skildring av kofferten som stemte med den kofferten politiet hadde, opplyser politiadvokat Magnar Austrheim.

Aksjonen på Myrdal førte til at dagtoget frå Oslo til Bergen vart vel ein time forseinka måndag kveld.