Hopp til innhold

Sov ute i telt på årets kaldaste natt

Ned mot 20 minusgrader stoppa ikkje Vilde Borlaug Kjønås og Veronica Hillestad Foss, som sov i telt natt til måndag.

Veronica Hillestad Foss

UTE: Veronica Hillestad Foss nyt utsikta frå Molden i Luster, under nattas telttur, saman med venninna Vilde Borlaug Kjønås som sat inni teltet.

Foto: Veronica Hillestad Foss

– Vi visste ikkje at det var så kaldt som det var, før foreldra våre sende melding og fortalde kor kaldt det var, seier Vilde Borlaug Kjønås.

Saman med venninna Veronica Hillestad Foss tok dei skia fatt og sette oppover Molden i Luster søndag kveld. Utan aning om at gradestokken skulle gå ned mot minus 20 grader i løpet av natta.

Frosen frukost

I går ettermiddag spente dei på seg skia og sette kurs oppover fjellet. Med seg i sekken hadde dei saueskinn og hjorteskinn, som gjorde at kulde ikkje skapte problem gjennom natta.

Vilde Borlaug Kjønås

OPP OG FRAM: Fjellski vart nytta som transportmiddel opp fjellsida.

Foto: Veronica Hillestad Foss

Problema oppstod då dei vakna og skulle ete frukost.

– Maten var heilt frosen så vi måtte prøve å tine den nede i soveposen, seier Borlaug Kjønås.

På menyen stod brødmat med ost og skinke.

– Det smakte mest som knekkebrød, for vi klarte ikkje å tine det, seier Borlaug Kjønås med latter i stemma.

Vilde Borlaug Kjønås og Veronica Hillestad Foss

SPREK: Vilde Borlaug Kjønås (f.v.) og Veronica Hillestad Foss s

Foto: Vilde Borlaug Kjønås

Ein tur i månaden

Begge to er ivrige på å nytta naturen til turar, og for nokre veker sidan vart dei samde om at dei skal ta seg ein telttur i månaden. Men til neste tur må dei endra planen.

– Teltet tolte ikkje turen og rivna. Det har blitt godt brukt over mange sesongar, så neste tur får vi bygge oss ein snøhole eller liknande, seier ho.

Utsikt

FRUKOST: Måndag morgon var det strålande vêr, og langt frå den verste utsikta å vakne opp til.

Foto: Veronica Hillestad Foss