NRK Meny
Normal

Fann rusa mann sovande bak rattet

Politiet fann ein mann i 40-åra sovande bak rattet på ein bil i Vågsøy natt. Tidlegare på kvelden hadde politiet fått tips om promillekøyring med same bil.

Politibil

SOVANDE MANN: Ein mann i 40-åra er fråteken førarkortet etter mistanke om promillekøyring i Vågsøy.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det var i 0140-tida natt til søndag at politiet i Vågsøy kom over ein mann i 40-åra som sat og sov i ein parkert bil.

Det vart tatt alkotest av mannen som synte at han var påverka av alkohol.

Politiet framstilte mannen for blodprøvetaking og kverrsette førarkortet.

Tidlegare på natta hadde politiet fått tips om at same bil var involvert i promillekøyring.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser