Hopp til innhold

Sov i 18 timar etter rettssaka – no er han klar for sesongdebut

Ei god veke etter at han var i retten tiltalt for vald mot sin tidlegare sambuar, er Jaysuma Saidy Ndure klar for å sesongdebutere på sprintarenaen.

Ndure

TILBAKE I MANESJEN: Olav Magne Tveitå (t.v.) jobbar for at Jaysuma Saidy Ndure skal vere i så god form som mogleg når sprintaren sesongdebuterer i helga.

Foto: Ã…serud, Lise / NTB scanpix

– Det blir ein spennande konkurranse. Det er den første i år, og det er usikkert kor han står no. Han kjem uansett til Florø for å springe så fort som mogleg, seier trenar Olav Magne Tveitå.

Jaysuma Saidy Ndure har bestemt seg for å springe Florø Indoor Games laurdag.

Det blir sesongdebuten for den første nordmannen som har prestert ein 100 meter under ti sekund – og det er det første løpet etter rettssaka sist veke.

Har aldri sove så lenge i strekk før

Sist veke stod sprintaren for retten i Nedre Romerike tingrett, tiltalt for fleire tilfelle av vald mot ein tidlegare sambuar. Førebels er rettssaka utsett på ubestemt tid på grunn av tvil om bevis.

Men trenaren stadfestar at Ndure skal springe i Florø.

– Førre veke fekk han ikkje tid til å trene. Han hadde først ei økt på laurdag, og då var han sliten av alt han har vore gjennom. Eg håpar han skal få meir overskot denne veka, så han stiller i nokolunde form, seier Tveitå.

– Kor prega er han av det som skjedde sist veke?

– Etter at saka var over, sov han i 18 timar i eitt strekk. Det har han aldri gjort før. Det fortel at dette har vore ei stor fysisk belasting på kroppen, seier trenaren.

Blir overraska om eleven spring rekordraskt

Etter planen skal Ndure først og fremst springe 60 meter i Florø. Det kan hende han også stiller på 100 meter – men det blir først avgjort på stemnet.

Tveitå har ingen tankar om kva prestasjonar han kan vente av eleven.

– Det har vi ikkje tenkt på. Andre ting har sett det reint sportslege heilt i skuggen i det siste. No jobbar vi med teknikk, start og så vidare, så han skal vere best mogleg førebudd til laurdag.

– Men eg kan ikkje tenkje meg at han er i stand til å springe på rekordtider. Det vil i så fall vere ei stor overrasking.

...men arrangøren håpar på svært gode tider

Arrangøren i Florø er glad Ndure igjen vel å ta turen til kystbyen. Frå før har han sett norsk bestenotering med 10,19 på innandørsdekket i Florø.

– Eg håpar han kan komme ned mot dei beste tidene sine. Han var iallfall i god form før det som skjedde sist veke, seier stemneleiaren.

Sprintstemnet i Florø har også ein formsterk Karsten Warholm på tapetet, i tillegg til dei lokale håpa Jostein Fossøy, Øyvind og Kristi Strømmen Kjerpeset.