Hopp til innhold

Søtare bilskilt må sjå du lenge etter

Når heile sommaren går med til å få jordbær ut til folket, så skulle det berre mangle at det ikkje viser att på bilskiltet til jordbærbonden.

Bilskilt

MOROSAM GALSKAP: John Elling Vereide var ikkje i tvil om kva som skulle pryde bilskiltet på varebilen.

Foto: JOHN ELLING VEREIDE

Kreativiteten får utløp når bileigarar skal bestille seg nye skilt til bilen. Ute på vegane er det ord som taco, Pepsi Max og røykfri som no pryder norske bilskilt. Det aller søtaste skiltet er det nok likevel jordbærbonden frå Sandane som har.

– Dette er berre morosam galskap. Eg kunne ikkje velje noko anna!, gliser John Elling Vereide.

Bærbonden frå Gloppen er ikkje aleine om å ønskje seg eit spenstig skilt. Til no har Statens vegvesen fått inn 16 787 søknader etter at det blei opna opp for søknader om personlege bilskilt 15. juni i år.

Kvart år fraktar Vereide store mengder med saftige og søte jordbær i varebilen sin. Han var aldri i tvil om kva slags ord som skulle pryde bilskiltet.

– Skal ein først vere litt tullete, så var det ikkje mange alternativ for ein jordbærbonde.

Sjå liste over alle personlege bilskilt.

Slår på tråden når dei ser skiltet

Vereide legg bak seg fleire mil på vegane for å levere jordbær til både butikk og til sals på ulike torg.

– Det er mange som tek bilete av bilen. Eg har køyrt ein del mellom Førde og Sandane, så når folk ligg bak meg og ser skiltet, slår dei ofte på tråden. Det står jo både namn og telefonnummer på bilen, ler Vereide.

Det er ingen tvil om at personlege bilskilt er moro som kostar. For den nette sum av 9000 kroner får du rettane til bilskiltet i 10 år framover.

– Det er dyre skilt, men så får ein jo litt ekstra krydder i kvardagen. Eg kan ikkje sei noko anna enn at dette vel verdt prisen.

No når jordbærsesongen vekkjer bilskiltet framleis mykje merksemd.

– I haust sel eg mykje plommer. Då er det mange som seier til meg at eg må ha dei rette skilta på, men eg kan ikkje ha fleire skilt på ein bil. Det får berre våge seg at det står jordbær på bilskiltet, sjølv om eg har både bringebær og plommer i bilen gjennom sesongen, seier Vereide.

Jon Elling Vereide

JORDBÆR, JORDBÆR, JORDBÆR: Det blir mykje jordbær for John Elling Vereide på Sandane. Då skulle det berre mangle at det ikkje står jordbær på bilskiltet.

Foto: Birger Meland / NRK