Hopp til innhold

Søsken-filmar nominerte til Gullruten

To filmar frå Sogn og Fjordane er nominerte til Gullruten i klassen «Beste TV-dokumentar».

Søsken til evig tid

KAN VINNE NY PRIS: Søsken til evig tid var svært populær då den blei vist på kino i haust. Mange fekk den også med seg då TV2 viste søskenparet i beste sendetid i jula.

Foto: Frå filmen / Søsken til evig tid

Både «Søsken til evig tid» og «Tvillingsøstrene» kan dra i land den gjeve prisen under utdelinga i byrjinga av mai.

«Søsken til evig tid» er laga av Frode Fimland frå Naustdal og handlar om søskenparet Oddny og Magnar som driv familiegarden på Kleiva i Sunnfjord i same tradisjon som generasjonar har gjort før dei. Filmen blei ein stor suksess då den blei vist på kino i haust. Den fekk også gode sjåartal då TV2 sende dokumentaren om søskena i jula.

– Det er fantastisk å få ein slik nominasjon. Eg er stolt av at nettopp denne filmen er nominert. Eg tykkjer det er bra at kvardagsheltar blir framheva, seier Frode Fimland til NRK.no.

Mia og Alexandra

TVILLINGAR: Mia og Alexandra så like at sjølv mødrene tek kan ta feil av kven som er kven. Biletet er frå 2009 då dei var seks år gamle.

Foto: Wenche B. Hauglum / Scanpix

«Tvillingsøstrene» som er laga av Moment TV, handlar om to jenter som blei adoptert til kvar si side av jordkloden. Den eine hamna i Fresvik med 274 innbyggjarar og den andre til ein millionby i USA.

Dei to filmane skal konkurrere med «Pirate Bay» og «Trikken til Auschwitz» i klassen for «Beste TV-dokumentar».

Juryen fekk inn 480 påmelde bidrag til årets Gullruten. Totalt 13 juryar med sju medlemmer kvar har valt ut dei nominerte.

Disse er nominert til Gullruten

Beste underholdningsprogram

Produsent

Kanal

Trygdekontoret

NRK

NRK

På tur med Dag Otto

Seefood TV

TV 2

Typen til

NRK P3/Ung

NRK

The Voice

Nordisk Film TV

TV 2

Beste reality (konkurranse)

 

 

Hele Norge baker

Nordisk Film TV

TV3

Kari Traa-leikane

Strix og Ferrytale

TV3

Mesternes mester

Rubicon TV

NRK

Alt for Norge

Monster Entertainment

TVN

Beste reality

 

 

Prøv mitt liv

Mastiff

TV 2

Adils dansere

Rubicon TV

NRK

Hellstrøm rydder opp

Monster Entertainment

TV3

Kjærlighet uansett

Mastiff

TV 2

Beste dokusåpe

 

 

Brøyt i vei

NRK

NRK

Lars Monsen og hundene

NRK

NRK

Fjorden cowboys

Flimmerfilm

TV 2 Zebra

Optimistene

Skofteland Film

NRK

Beste tv-drama

 

 

Lilyhammer

Rubicon TV

NRK

Mammon

NRK

NRK

Neste sommer

Feelgood TV

TVN

Det tredje øyet

Rubicon TV

TV 2

Beste humorprogram

 

 

Side om side

NRK

NRK

Karl Johan

Norsk Fjernsyn

NRK

Costa del Kongsvik

Seefood

TVN

Asbjørn Brekke Show

Seefood

TVN

Beste barne- eller ungdomsprogram

 

 

Barn ingen adgang

Fabelaktiv

NRK Super

Barnas restaurant

Storyteller

NRK Super

Karsten og Petra

Cinenord Kidstory

NRK Super

Trio Odin Gull

Nordic Stories

NRK Super

Beste magasin- eller livsstilprogram

 

 

Typisk deg

Teddy TV

TVN

Prosjekt perfekt

NRK P3/Ung

NRK

Brenner - historier fra vårt land

NRK

NRK

Fylla

Teddy TV

NRK

Beste nyhetssending eller aktualitetsprogram

 

 

Kvinne jeg hater deg

Fenris Film

TV 2

Når pappa dreper

Norsk Fjernsyn

TV 2

Brennpunkt: Herskap og Tenarar

NRK

NRK

TV 2 Nyhetene - Lærdal i brann

TV 2

TV 2

Beste TV-dokumentar

 

 

Pirate Bay

Piraya Film AS

NRK

Tvillingsøstrene

Moment Film

TV 2

Søsken til evig tid

FIMfilm

TV 2

Trikken til Auschwitz

Hummelfilm og Alert Film

NRK

Beste dokumentar- eller faktaserie

 

 

På liv og død

ITV Studios

TVN

Folk som sloss

Snowman Production

MAX

Vårt lille land

TV 2

TV 2

Exit Afghanistan

NRK

NRK

Beste kvinnelige skuespiller

 

 

Elsa Lystad i 'Etter karnevalet'

NRK

NRK

Henriette Steenstrup i 'Lilyhammer'

Rubicon TV

NRK

Ine Jansen i 'Helt perfekt'

Feelgood TV

TVN

Marie Blokhus i 'Side om side'

NRK

NRK

Beste mannlige skuespiller

 

 

Trond Fausa Aurvåg i 'Neste sommer'

Feelgood TV

TVN

Jon Øigarden i 'Mammon'

NRK

NRK

Trond Fausa Aurvåg i 'Lilyhammer'

Rubicon TV

NRK

Eivind Sander i 'Neste sommer'

Feelgood TV

TVN

Beste kvinnelige programleder

 

 

Anne Lindmo i 'Lindmo'

NRK

NRK

Else Kåss Furuseth

TV 2

TV 2

Ida Fladen i 'Prosjekt perfekt'

NRK P3/Ung

NRK

Siri Kristiansen i 'Rådet'

NRK P3/Ung 

NRK

Beste mannlige programleder

 

 

Erik Solbakken i 'Karl Johan'

NRK

NRK 

Hans Olav Brenner i 'Brenner - historier fra vårt land' 

NRK

NRK

Jon Almaas i 'Nytt på nytt' 

NRK 

NRK 

Espen Eckbo i 'Asbjørn Brekke Show' 

Seefood 

TVN 

Årets deltaker 

 

 

Liv Bly i 'Alt for Norge'

Monster Entertainment

TVN

Christer Modin i 'Prøv mitt liv' 

Mastiff

TV 2

Birgit Myklebust i 'Optimistene'

Skofteland Film

NRK

Valentino i 'Adils hemmelige dansere'

Rubicon TV

NRK

Beste nye programserie

 

 

Prosjekt perfekt

NRK P3/Ung 

NRK 

Barn ingen adgang 

Fabelaktiv 

NRK Super 

På tur med Dag Otto 

Seefood 

TV 2 

Mammon 

NRK 

NRK 

Beste event 

 

 

OL på TV 2

TV 2 

TV 2 

Ikveld med Ylvis 

Concorde TV 2

TVN 

P3 Gull 

NRK 

NRK 

Karpe Diem i Oslo Spektrum 

Monster Entertainment

NRK 

Årets nyskapning

 

 

Bloggerne

TV 2

TV 2 Bliss

VM i sjakk

NRK

NRK

Prosjekt perfekt

NRK P3/Ung

NRK

Kari Traa-leikane

Strix og Ferrytale

TV3

Ekspander/minimer faktaboks