Tenesteleiar for sosiale tenester i Flora, Marit Klokkernes, avviser at forholda er så ille. - Vi har rutinar, men dei er ikkje nedfelt skriftleg. Så derfor har vi ikkje dokumentasjon, seier ho.
Arbeidstilsynet sin kampanje for å motverke at tilsette på sosialkontor blir sjuke eller sluttar som følgje av dårleg arbeidsmiljø, har avdekka at rutinane for å hindre dette stort sett er gode hos kontora i Sogndal, Førde og Høyanger.
Blir skjelt ut
Men for sosialkontoret i Flora er rutinane for dårlege. Spesielt gjeld dette rapportering og opplæring i korleis ein taklar vald og trugsmål.
- Vi vert jo vande med det. Då vert det ein fare i det at vi ikkje ser så alvorleg på det. Men vi vert skjelt ut av klientar utan grunn fleire gonger for veka, seier Klokkernes.
- Godt miljø internt
Ho meiner den dårlege bemanninga på kontoret må ta mykje av skulda for det høge sjukefråværet, og at dei tilsette sine rettigheitar ikkje vert godt nok oppfølgde. - Vi har svært mange saker i forhold til talet på tilsette, og det er eit stort arbeidspress. På spørsmål om kvifor dei ikkje har verneombod legg ho seg flat. Men legg til at miljøet mellom dei tilsette internt er godt.