Hopp til innhold

SOS Rasisme etablerer seg i Sogndal

SOS Rasisme startar no lokallag i Sogndal etter at innvandrarar seier dei søkjer seg vekk frå bygda på grunn av rasisme.

Initiativtakar Kristoffer Nordahl Nebb meiner rasisme er eit stort problem i Sogndal.

- Eg har snakka med ein del innvandrar som ikkje trivast i Sogndal fordi dei opplever det nærmast som ei skam å vere innvandrar etter det som har skjedd i lokalmiljøet her.

Onsdag fortalte tre asylsøkjarar om steinkasting og hetsing i Sogndal, og meinte mange ønskjer seg vekk frå bygda på grunn av rasisme. Det skjer halvanna år etter at norsk-somaliaren Hassan Samrye Hashin tok livet av Hedda Karterudseter. SOS Rasisme er ein organisasjon som driv haldningsskapande arbeid blant unge

Kjenner seg ikkje att

Men ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelemseter, kjenner seg ikkje att i det biletet av bygda. 

- Slik vi opplever Sogndal no har vi ikkje høyrt at innvandrarane kjenner seg utrygge. Tvert om har vi fått gode tilbakemeldingar frå politiet, asylmottaket og dei som jobbar med flyktningar i kommunen vår.