Bakgrunnen er regjeringa sine avgrensingar på såkalla grøne sertifikat for småkraftprodusentar. - Vi veit at det er eit stort potensiale som ikkje er utnytta når det gjeld utbygging av småkraftverk i vårt fylke, og fleire av dei er marginale når det gjeld lønsemd, seier fylkesordføraren.
"Minikraft" betre betalt
Dei såkalla grønne sertifikata inneber at straum frå minikraftverk blir betre betalt enn straum frå "vanlege kraftverk". Og dermed kan sjølv dei med låg lønsemd realiserast.
Grense på 1 megawatt
I Soria Moria-erklæringa seier regjeringa at berre kraftverk som produserer mindre enn ein megawatt får kome inn under ordninga med grøne sertifikat. Med ei slik grense meiner Sandal at mange grunneigarar her i fylket går glipp av god attåtnæring.
Fylkesordføraren ber no olje-og energiministeren sjå på saka på nytt.