Hopp til innhold

Søppelfylling forseinkar vegbygging

Funnet av ei gamal søppelfylling forseinkar arbeidet med eit nytt vegkryss på riksveg 5 like utanfor Førde. Etter at fyllinga vart oppdaga er det til no teke opp 62 tonn metallskrap og ti tonn bildekk, det skriv Firda. Ifølgje Vegvesenet vil arbeidet i området bli forseinka med ein månad, og ekstraarbeidet vil truleg koste millionbeløp. Vegarbeidet i dette krysset er ein del av den såkalla Førdepakken, der ei rekkje vegar i og rundt sentrum av Førde skal byggast ut.