Hopp til innhold

Songen til eidar skal spelast på Liverpool sine kampar

Når fotballsesongen i England byrjar på att kan ein på Liverpool sin stadion høyre songen "unstoppable" av Aleksander Raftevold ifrå Eid.

Allsang på Anfield Road

STORT: Aleksander Raftevold tykkje rdet er stort å få songen sin spelt her på Anfield

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg sit litt lamma att og skjøner ikkje heilt kva som har skjedd, seier musikaren frå Nordfjordeid.

Han har dei siste tre åra vore elev på den prestisjetunge musikkskulen Liverpool Institute for Performing Arts, og for nokre dagar sidan hadde dei sin siste avslutning med formell seremoni og mange gjester.

– Det var veldig sånn britisk tradisjon med hatt og kappe og heile greia, det var veldig kjekt å vere medpå, seier Raftevold.

Tore Haraldsen og Aleksander Raftevold

TALENTFULL: Raftevold kallar seg Aleks Grey som artist og har laga musikk lenge, her er han gjest i studioet til NRK Sogn og Fjordane i 2011

Foto: Stian Sjursen Takle / nrk

Møtte Paul McCartney

Til å overrekke avslutningsdiplomane hadde dei fått tak i skulen sin grunnleggjar, nemleg det legendariske Beatles-medlemmen Paul McCartney.

– Eg var litt nervøs. Det er ikkje kvar dag ein møter Paul McCartney, så det var stort, seier Raftevold.

Men det var ikkje det einaste store som skulle skje eidaren den kvelden. Skulen hadde og laga ein avslutningsvideo for å syne film frå dei tre åra elevane hadde gått der, og som bakgrunnsmusikk hadde dei brukt Raftevold sin song "unstoppable".

Aleks Grey på scena i Manchester før kamp.

SPELT PÅ STADION TIDLEGARE: her spelar Raftevold på Manchester City sin stadion i eigen person, han har altså vore borti fotballstadionar tidlegare

Foto: Sean Crossey

Etter seremonien ringde ein som var imponert over songen.

– Han som er musikkansvarleg på Anfield hadde tilfeldigvis vore på avslutninga, og etter å ha høyrt songen lurte han på om han kunne bruke den under kampane til Liverpool på Anfield.

Kva tenkjer du om det?

– Eg er jo fotballidiot, så at songen min kan koplast til fotball og brukast der er berre heilt topp, det.

Skal også brukast av BBC

Og musikkansvarleg på Anfield var ikkje den einaste som likte det han høyrde, i ettertid har også BBC ringt for å høyre om dei kunne nytte seg av låten i ein radioserie dei skal lage.

Kjenner du no at noko er i ferd med å skje for deg i England?

– No har alt skjedd veldig fort, men det er jo vonleg noko eg byggje ting vidare på