NRK Meny
Normal

Song seg vidare med låt for bestefaren

Andrea Santiago Stønjum kjende tårene presse på då ho song til minne om bestefaren som ho mista for halvannan år sidan.

Andrea

BLANT DEI ÅTTE BESTE: 16-åringen er blant dei åtte beste i musikkonkurransen The Voice.

Foto: TV 2

16-åringen song låten «Songbird» på TV2-programmet The Voice for å heidre hennar største inspirasjonskjelde i musikken. Sist ho song den var i gravferda til bestefaren Luis.

– Eg sa til meg sjølv at eg ikkje ville synge den igjen etter gravferda, for den vekte så mange kjensler i meg.

Når ho kjende ekstra etter dukka det opp gode minner når ho tenkte på songen og på bestefaren, som blant anna var pianolærar og dirigent i Måløy.

– Han ville vore veldig stolt av meg. Han var den mest musikalske i familien og mi største inspirasjonskjelde til musikk. Eg ville synge den for å heidre han, seier Santiago Stønjum.

Sjåarane likte det dei høyrde frå Måløy-jenta på fredag, og stemte ho nok ein gong vidare i musikkonkurransen.

– Eg klarte å skjerpe meg på prøvene, men då eg song i sendinga følte eg at eg skulle knekke saman. Det blei mange kjensler og eg heldt nesten på å grine. Ein kunne sikkert merke at eg var skjelven i stemma.

Blant dei åtte beste

I salen på fredag var fleire i familien til Andrea samla for å sjå ho opptre, blant anna mora hennar.

– Det var faren til mamma, så ho var nok spesielt rørt. Det vekte gode minner og familien syns det var fint, seier Santiago Stønjum.

No skal 16-åringen konkurrere mot åtte andre neste fredag. Kvar gong ryk ein person ut.

– Det er uverkeleg. Eg hadde ikkje forventa at eg skulle komme så langt og har berre tatt steg for steg. Det er ganske vilt at eg er blant dei topp åtte.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.