Hopp til innhold

Sonen i retten: – Eg skreik og la på telefonen

I dag vart vitneforklaringane avslutta i rettssaka mot den bildrapstiltalte danske vikarlegen, med forklaringa frå sonen til avdøde Anna Cieslak (49).

Adrianna og Tomasz Cieslak

ETTERLATNE: Adrianna og Tomasz Cieslak i rettssalen i dag. Tomasz Cieslak forklarte seg i retten i dag, om den svært tøffe beskjeden om mora sin død.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tomasz Cieslak hadde vore seks veker i Noreg då ulukka skjedde. I dag fortalde han om den tragiske morgonen då han og fem søsken miste mora Anna Cieslak. Seksbarnsmora døydde då ho kolliderte med ein dansk lege på Bryggja i Nordfjord. Legen er tiltalt for aktlaust bildrap.

Han fekk først ein telefon frå ei veninne av mora. Deretter ringde kjærasten til mora, Mtarcin Szlichta, som sjølv sat i bilen og fekk lettare skader. Szlichta sa til Tomasz Cieslak at det var kritisk. Men det gjekk ikkje lange stunda ein ny telefon kom – mora var død.

– Eg skreik og la på telefonen. Eg ville ikkje snakke, sa Tomasz Cieslak i retten i dag, og heldt fram om korleis det var å få bodskapen om dødsfallet:

– Kva kan du seie? Det er umogleg å skildre kva du kjenner når du får beskjed om at du har mista ein av dei næraste.

Samlast alltid til høgtider

Tomasz Cieslak bur i dag i London. Mora feira alltid høgtid med eitt av dei seks borna. Dei bur i ulike delar av verda.

Aktor Erling Melvær (t.h.) og bistandsadvokat Catharina Skage.

BISTANDSADVOKAT OG AKTOR: Catharina Skage og Erling Melvær.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han kunne fortelje at det var tragisk å miste mora. Men det har også fått konsekvensar for framtida, for mora var med på å finansiere dei eldste sin skulegang. To av dei har måtta avbryte studiane, og ein måtte ta pause, sa bistandsadvokat Catharina Skage etter dagen var avslutta i retten.

Tomasz Cieslak fortalde i retten at gravferda var tung.

– Det var ei ekstra påkjenning at når vi for første gong på 10–11 år blir samla heile familien, så er det til gravferda, sa han.

Bistandsadvokaten seier rettssaka har vore tøff, men at familien ikkje har uttrykt sinne eller frustrasjon ovanfor den tiltalte.

– Dei har ikkje gitt uttrykk for slike kjensler til meg. Dei ynskjer at sanninga skal kome fram, og at rettferd skal skje basert på den sanninga.

– Den sakkunnige blir avgjerande

I morgon kan dei kanskje kome eitt steg nærmare den sanninga. Då skal sakkunnig Erik Aanerud frå Rekon presentere sine funn om farten bilane hadde på ulukkestidspunktet og plasseringa i køyrebanen.

Det er overingeniør Torgeir Bang i ulukkesgruppa til Statens vegvesen, som tidlegare i veka la fram sine funn, som har anbefalt at ekspertane i Rekon skal nyttast. Bang vedgjekk at saka er vanskeleg, og det er første gong sidan han starta i 2002 at han har anbefalt Rekon.

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul Inge Angelshaug.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både aktoratet og forsvararen meiner presentasjonen av farten og plasseringa i køyrebana i morgon blir avgjerande i saka. Aktor Erling Melvær seier det ikkje har kome overraskingar så langt i saka, og at Aanerud si forklaring blir viktig.

– Han blir veldig viktig. Det gjeld både korleis kollisjonen har skjedd og i tillegg kva fart den tiltalte har køyrt i, seier aktoren.

Paul Inge Angelshaug, forsvararen til den tiltalte, ventar også spent på morgondagen.

– Det har ikkje kome fram noko nytt eller uventa så langt. Men vi meiner det har kome fram ein del nyansar som gir eit meir heilskapleg bilete. No ventar vi på den sakkunnige si vurdering, seier Angelshaug.