Hopp til innhold

– Vi sleit i årevis for å redde han

Einar Hammerseth i Florø følte han gjorde alt for å redde sonen frå rusmisbruket. I femten år kjempa han, men i fjor var det brått slutt. Då tok sonen overdose.

Video Einar Hammarseth fortel om tapet av sonen som tok overdose

VIDEO: Einar Hammerseth fortel om tapet av sonen som tok overdose.

– Eg gjorde alt eg kunne. Men du kjem til eit punkt der du ikkje strekker til lenger, og det var det som skjedde med meg også. Det er likevel ei veldig vond kjensle, seier Hammerseth til NRK.no.

Dei siste 30 åra Hammerseth har vore del av ettervernet i den vesle kystbyen Florø i Sogn og Fjordane.

Samtidig som han har kjempa for å redde dei andre rusmisbrukarane i byen, har han også kjempa for å berge livet til det kjæraste han hadde – sin eigen son.

– Han hadde blitt 40 år i fjor om han hadde levd. Men det gjer han ikkje, seier Hammerseth sårt.

Fleire døyr av overdose i distrikta

Dei siste ti åra har over 3200 menneske døydd av overdose i Norge. I Florø har narkotikamiljøet blitt så hardt at miljøet fryktar dei skal mista mange fleire.

Ifølgje Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus) har det vore ei markant utvikling i overdosedødstala i distrikta, og i dag skjer storparten av overdosane utanfor hovudstaden.

– Vi sleit i årevis for å redde han

For Hammerseth er ikkje dødstala berre statistikk. Sonen Einar Sturle vart 39 år gamal.

– Vi sleit i årevis for å redde han, men vi klarte det ikkje. Han og kjærasten tok same dosen. Ho overlevde, medan han døydde. Det er tilfeldigheitar i dette som i alt anna, seier Hammerseth.

Han seier sonen sjølv visste at han måtte passe seg for å ikkje ta overdose.

– Han såg kva som skjedde med andre og visste han måtte vere forsiktig. Likevel skjedde det same med han, seier Hammerseth.

Vil gje misbrukarane eit ansikt

Børre (42) tek narkotika i Florø

NARKOMAN: Børre (42) frå Florø har vore narkoman sidan han var ungdom.

Foto: Simon Solheim / NRK

NRK har dei siste dagane fortalt om korleis talet på overdosedødsfall har eksplodert i distrikta.

Børre (42) i Florø har gitt narkotikamisbruket eit ansikt i håp om at han skal kunne redde andre frå å gå i same fella.

– Eg har ingenting å tape. Klarer eg å skremme ein person frå dette miljøet, så er det nok for meg. Eg unner ingen å bli som meg, sa han til NRK.no søndag.

– Har kjempa åleine for å redde dei

I kampen for å redde livet til sonen og andre rusmisbrukarar har Hammerseth følt mykje på at han har stått åleine.

– Helsevesenet sitt hjelpeapparat for rusavhengige er for dårleg utbygd. Ta til dømes rusposten på Nordfjordeid. Den har stått tom lenge fordi det ikkje er pengar. Det er alltid snakk om pengar, seier Hammerseth fortvila.

Han er djupt skuffa over innsatsen til norske politikarar, og meiner dei manglar vilje til å ta tak i problema.

– Innsatsen deira er elendig. Dei snakkar og snakkar og snakkar, men det skjer ingen verdens ting og slik har det vore heile tida, seier Hammerseth.

– Hjelpeapparatet fungerer ikkje

Han får støtte av leiaren av Rusettervernet i Sogn og Fjordane, Glenn Høivik. Også han er fortvila og seier hjelpeapparatet som finst i dag ikkje fungerer godt nok.

– Det tek for lang tid før folk kjem inn på institusjon og får hjelp. Medan dei som har fått hjelp opplever ofte at opplegget er alt for dårleg då dei kjem ut frå institusjonen, seier Høivik til NRK.

Han fortel at mange må vente i opp mot seks månadar før dei får plass på behandlingsinstitusjon.

– Det er ofte for seint. Skal det fungere må folk få hjelp medan dei er motiverte, og etter seks månadar er dei ikkje alltid det, forklarar Høivik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Einar Sturle Hammerseth døydde av overdose

DØYDDE: Einar Sturle Hammerseth døydde av overdose. Faren Einar Hammerseth kjempar framleis for at andre rusmisbrukarar skal klare å kome seg ut av misbruket.

Foto: NRK

– Fleire døyr fordi dei ikkje får oppfølging

I rusettervernet jobbar dei hardt for at dei som har fått behandling skal få hjelp. Høivik ønskjer seg meir hjelp frå kommunane.

– Det hadde vore bra for ettervernet om kommunane hadde fleire miljøarbeidarar som kunne følgje opp dei som kjem frå institusjonane, seier Høivik.

Han seier manglande oppfølging i etterkant av opphald på institusjonar ofte kan føre til nettopp overdosedødsfall.

– Utan eit opplegg fell mange tilbake til rusen. For mange endar det med at dei tek ein dose som er like stor som den dei tok før behandling. Det kan bli for mykje og endar ofte med ein overdose. Difor er eit godt ettervern heilt avgjerande skal ein få ned dødstala, seier Høivik.

– Staten skal gjere meir

Tord Dale

BETRING: Tord Dale i Helse- og omsorgsdepartementet seier dei skal bli betre.

Foto: NRK

Statssekretær Tord Dale i Helse- og omsorgsdepartementet har lagt seg heilt flat for kritikken frå både brukarar og faginstansar.

Han synest det er forferdeleg at så mange døyr av overdose i Norge og seier Regjeringa skal gjere meir.

– Vi må gje eit mykje betre tilbod til dei som slit med rus. Dei som treng avrusing må ikkje vente på å få det, og det må stå klart eit hjelpeapparat når dei kjem ut av sjukehus, seier Dale.

Kjempar vidare

For mange er det likevel for seint å gjere noko no. Slik er det også for sonen til Einar Hammerseth i Florø.

– Han var to forskjellige personar når han rusa seg og ikkje. Når han var rusa var han eigen og sta, men når han var stoffri var han snill og hjelpsam, rett og slett ein kjernekar, seier Hammerseth.

Kampen for livet til sonen er tapt, men han har ikkje tenkt å gje opp kampen for dei mange andre som slit med det same.

– No har eg grava å gå til, men det er blitt for mange som ligg der av denne grunnen. Vi må berre jobbe vidare.