Sondre (19) trudde pappa tulla då han sa eliteserielaget ville ha han

Sondre Løkkebø Nybø (19) pakkar sakene og reiser til Bergen som truleg fylkets første eliteseriespelar i basketball. – At ein basketballspelar frå Sogn og Fjordane skal spele eliteserie må vel sjåast på som ein kuriositet, seier pappa, og trenar, Dag Nybø.

Sondre Løkkebø Nybø

OVERRASKA: Basketballspelaren Sondre Løkkebø Nybø frå Eikefjord er noko så sjeldan som ein eliteseriespelar frå Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

19-åringen har gått gradene i Eikefjord sine oransje trøyer og har vore sterkt delaktig i klubben sitt opprykk til 1. divisjon.

Til hausten blir Sondre Løkkebø Nybø å finne i spelarstallen til fjorårets tabellfemmar, Frøya.

– Det betyr at eg får spele basketball på eit høgt nivå, at eg får skikkelege treningar og får trene med fleire som har folk som har greie på dette, seier han til NRK.no.

– Trudde pappa spøkte

Det var trenar, og pappa, Dag Nybø som fekk gleda av å vidareformidle interessa frå bergensklubben.

– Frøya har halde augo opne for dette lovande talentet frå Eikefjord, og no i mai var dei i kontakt om han ville spele for dei, seier han.

Sondre har også tidlegare vore på treningssamlingar med bergensklubben. Han har også fått vist seg fram på samling med U18-landslaget.

– Eg trudde eigentleg at pappa spøkte då han sa det. Men etter eitt par dagar med tenking, så hadde eg veldig lyst til å prøve meg. Går det dårleg, så flyttar eg berre heim att. Går det bra, så er det vel verdt å gi det sjansen, seier spelaren.

Vann i 2012

Dagleg leiar i Frøya, Terje Osland, seier til Firdaposten at dei er godt nøgde med å sikre seg den 19-år gamle eikefjordingen.

Så seint som i 2012 vann bergensklubben både grunnserien og sluttspelet i Eliteserien.

– Han har potensial til å bli ein veldig bra spelar. så vi er veldig glad for at han flyttar til Bergen for å satse vidare på basket, seier han til avisa.

Stort steg

Sondre Løkkebø Nybø

JOBBING: Sondre Løkkebø Nybø er budd på mykje hard jobbing for å oppfylle draumen om eliteseriespel.

Foto: Privat

Samstundes som han prøver livet som eliteseriespelar, skal Løkkebø Nybø også gå i lære som elektrikar.

Han vedgår at det blir eit stort steg å gå frå 2. divisjonsspel med Eikefjord til eliteseriespel. Han ynskjer seg inn på laget, og er budd på å gi det den tid det vil krevje.

– Det må kompenserast med mykje trening, og eg må gjere mitt beste. Det blir vanskeleg å etablere seg i år, men eg satsar på neste år eller kanskje året etter, seier 19-åringen.

Rekkevidd på over tre meter

19-åringen måler 195,5 centimeter på strømpelesten, og blir nok med det ikkje den høgaste spelaren i Eliteserien.

– Til gjengjeld har han ein enorm spenst, fortel pappa Dag Nybø.

– Eg kjem i alle fall høgt nok til å dunke. Korga er på 305, så rekkevidda er vel tre meter, humrar hovudpersonen sjølv.