Hopp til innhold

Lothe får ros for «Blå song»

Den nye plata til Odd Erik Lothe får gode skotsmål av P1 sin eigen musikkanmeldar Atle Bredal.

Odd-Erik Lothe

ROS: Odd Erik Lothe får ros for det siste albumet.

Foto: Simon Solheim

Plata kom denne veka, og skal søndag «under lupa» i radioprogrammet Norsk på Norsk.

På albumet «Blå Song» samarbeider nordfjordingen mellom anna med Olav Stedje, Sigrid Moldestad og Line Dybedal Vederhus.

– Første inntrykket er at den er meir variert enn det vi har høyrt tidlegare av Lothe gjennom «Fabel». Det er ein raud tråd gjennom arrangement og stemma til Lothe, seier musikkanmeldar Atle Bredal i P1.

– Stort potensial

Atle Bredal

KRITIKAR: Atle Bredal.

I perioden 1995 til 2007 gav Lothe ut fem kritikarroste album med gruppa Fabel. Gjennom «Blå song» presenterer han 11 nye songar. Sistesporet «Nordfjordnatt» er ei kjærleikserklæring til heimbygda Kjølsdalen i Eid.

Saman med «Sukker og Salt» og «Å vere to», er det låta som Bredal spesielt trekkjer fram frå albumet. Låta syng han saman med Moldestad.

– Eg trur publikum vil trykkje denne til sitt bryst og at den vil sitje godt i mange, mange år framover. Det er stort potensial i den songen, seier Bredal.

Stor utvikling

Låtane har Lothe skrive over ein periode på nær 20 år. Dette meiner Bredal gir ei variert plate.

Han meiner også å sjå stor musikalsk utvikling hos den 40 år gamle musikaren frå Eid.

– Nokre av songane vart til rett før dei spelte inn plata. Eg høyrer han har skrive ganske mange låtar før det. Han er meir heilstøypt som melodisnikkar. Også på tekst sida har han teke steg, meiner musikkanmeldaren.

Spelt inn samla

Plata er spelt inn med heile orkesteret samla, noko som gir plata eit organisk og levande uttrykk. I dag plar dei fleste å bruke «klipp og lim» i studio der dei spelar inn eitt instrument, og legg dei andre på i etterkant.

– Dette gjer at det blir ei slags umiddelbar og varm stemning på alle melodiar, seier Bredal.

– Det blir ikkje så klinisk. Den er ikkje overprodusert som du høyrer mykje av dagens popmusikk er. Dette er viser i eit vidt omgrep og der er det meir rom i utgangspunktet for slike gleppar i utgangspunktet. Det er ein del av sjarmen, meiner han.

Fleire duettar

Lothe har fleire duettar på albumet, noko Bredal meiner beviser at Lothe har ei høg stjerne i musikarmiljøet.

Det fører også friske uttrykk inn i produksjonen, meiner Bredal.

– Det er alltid greitt på eit album å ha noko variasjon i vokaluttrykket. Lothe er ein så markant vokalist sjølv. Det er veldig sjeldan ein kan setje på ein sang, og så høyrer du i første strofe kven som syng. Men det har Lothe. Då kan det vere greitt å bruke andre artistar og variere uttrykket med, meiner han.

Skal under lupa søndag

Førstkommande søndag vil Bredal ha albumet under lupa i Norsk på Norsk, og vil vente til då med å gje noko terningkast.

– Eg vil ikkje røpe altfor mykje her, men vi har allereie spelt to av låtane ganske mykje på P1, så eg røper vel ikkje så altfor mykje når eg seier at eg er positiv til dette prosjektet, avsluttar han.