Hopp til innhold

Snart kan du kaste kleda - varmen er på veg

Eit solid høgtrykk er i ferd med å bygge seg opp på kysten. Det kan gje sommartemperaturar til veka.

Naust i vårsol på Frøya

HÅP OM SOL OG VARME: Til helga, eller kanskje til veka, kan det bli 24 grader og sol!

Foto: Jan-Egil Eilertsen

– Det er i alle fall håp der framme om sommartemperaturar. Særleg til helga og starten på neste veke, fortel statsmeteorolog Anders Sivle ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Dersom vêrvarselet for kommande helg og veke slår til kan vi til, kan vi glede oss til sommartemperaturar på opptil 24 grader og sol, melder yr.no.

– Det kan slå til men det er vanskeleg å vere sikker på at det blir så bra som 24 grader. Men det er eit høgtrykk som er på veg over sør-Sverige og Finland. Så trekkjer det litt vestover til helga, og starten på neste veke. Så det nærmar seg sør-Norge.

Temperaturutsikter

24 GRADER: Det er lenge sidan yr.no har spådd slik sommarvarme.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro

Må smørje seg med tolmod

Enn så lenge må ein derimot leve med både vind og meir haustleg vêr.

– I dag er det haustleg. Det er vind og stiv kuling på kysten som vil auke til sterk kuling. Det er venta vindauke innover i fylket, i fjellet kan det blir stiv til sterk kuling utsette stadar.

Det er ein mild måndag, med rundt 7 grader i fylket med skyer og nokre regnbyer. Snø kjem først i 800–900 meter, og det er det sendt ut obs-varsel om vanskelege køyreforhold i fjellet.

Kan floppe

– Dagen i dag blir den dårlegaste. I morgon blir det mindre vind og mindre nedbør. Onsdag går det mot enno betre vêr og høgare temperaturar med 10–12 grader.

Det er altså grunn til å leite fram solfaktor og solhatt, sjølv om det framleis er noko usikkert om vêrmeldingane vil slå inn.

– Viss høgtrykket blir liggande så pass langt aust som sør-Finland og sør-Sverige, så er det nokre lågtrykk som kan komme på besøk til oss i staden. Det vil gje ein heilt annan vêrtype. Dersom det slår til blir det meir 10 grader, seier Sivle.