Sommarvarme tek knekken på breen

– Eg ser at fronten forandrar seg. Og dei siste vekene har det vore mange ras.

Bergsetbreen

Bergsetbreen i Jostedalen.

Foto: Beate Cecilie Moen

Det seier Olav Grov, som ser Bergsetbreen i Jostedalen frå der han bur.

Typisk

Dette er typisk for brear som er bratte og korte, som Bergsetbreen er, seier breforskar Atle Nesje ved universitetet i Bergen.

– Desse korte og bratte breane reagerer veldig hurtig i forhold til endringar som skjer oppe på breplatået, seier Nesje.

Han trekk fram Briksdalsbreen som eit døme på dette.

– Briksdalsbreen har ei forseinka reaksjonstid på berre 3-4 år i forhold til endringane på sjølve breplatået, medan til dømes Nigardsbreen har ei reaksjonstid på 25 år. Der ser ein mykje mindre endringar over kort tid, seier breforskaren.

Kan vere positivt

Briksdalsbreen reagerer på samme måte som Bergsetbreen gjer i sommarvarmen. Men for breen i Jostedalen er det ikkje nødvendigvis negativt.

– Briksdalsbreen sto i fjor i fare for å bli delt i to fordi den var så tynn og smal nederst, men det vi ser no er at breen er blitt mykje breiare og dermed er faren for at den skal dele seg i to mykje mindre, fortel Nesje.

Smeltar tilbake

I 2007 og 2008 kom det meir snø om vinteren enn det smelta om sommaren. Det er grunnen til dei store snø- og ismengdene som rasar lenger nede på brearmane no.

Men sjølv om også Bergsetbreen blir tjukkare av dette, vil ein i mykje større grad merke at han smeltar oppover.

– Bergsetbreen er veldig tynn slik at den truleg er veldig utsett for å smelte tilbake nederst på bretunga, seier Nesje.

I endring

Men sjølv om utsikta blir forandra, ønskjer ikkje nabo Grov seg ein kjøligare sommar.

– Det er ikkje slik eg tenkjer. Men eg ser det at breane er i endring, det er det ikkje tvil om, konkluderer Grov.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.