10 meter høge brøytekantar på Strynefjellet. Foto Jamel Hayek Rake.
Dagleg leiar Åge Midtun seier Statens Vegvesen har gjort ein formidabel jobb med å brøyte opp vegen til sommarskisenteret på Tystigen på Strynefjellet. Brøytekantar på opp mot ti meter viser at det ikkje har vore nokon enkel jobb å få vegen open i år.
Rigginga av sommarskianlegget går no mot slutten.
Mykje snø i år
Det er fleire tiår sidan sist Stryn Sommarskisenter hadde like mykje snø å by på, fortel dagleg leiar i Stryn Sommarskisenter, Åge Midtun. Fordelen med dei store snømengdene er at Stryn Sommarskisenter kan tilby gode skitilhøve langt utover sommaren. For to år sidan var det svært lite snø, og då vart sesongen kort, sjølv om sommarskisenteret vart opna tidleg.