Hopp til innhold

Stryn sommarski treng fleire millionar kroner for å sikre vidare drift

Sommarskisenteret treng mellom tre og fem millionar i frisk kapital for å sikre vidare drift.

Snowboard på Stryn Sommarski

IKKJE NOK FOLK: Publikum har svikta Stryn sommarski i år. No vil senteret ha frisk kapital og nye eigarar på bana.

Foto: Rune Lindsør

I følgje friflyt.no er sommarskisenteret no på jakt etter nye eigarar med pengar og genuin skiinteresse.

– Det var ein dårleg sesong. Problemet er ikkje at vi stenger 7. juli, men at det er lite folk. Vi hadde berre halvparten av trafikken vi hadde i fjor, seier dagleg leiar for Stryn sommarski, Magne Brekke, til Fri Flyt.

– Skriv gjerne at skisenteret er til sals. Det er ein spanande moglegheit til å bli med på å utvikle anlegget vidare. Det bør vere nokon som er genuint interessert i ski og som gjerne har erfaring frå drift av skisenter, seier Brekke.

– Treng entusiasme

Til NRK.no seier Magne Brekke at dei treng ny kapital for å vidareføre drifta slik den er i dag.

– Det føreset enten at eksisterande eigarar går inn med meir pengar, eller at nye eigarar kjem på bana, seier Brekke, som innser jo at dersom ein er reinspikka investor, så er vel ikkje eit sommarskisenter den tryggaste staden å plassere pengane sine.

– Ein må nok ha med seg ein porsjon med entusiasme, anten som lokal næringsdrivande eller som skientusiast. Har du den rette entusiasmen, så har ein vel også den rette forståinga om kva som skal til for å gjere det til ein rimeleg lønsam forretning, meiner skientusiasten.

Treng fleire millionar

Han vonar no at nye investorar vil kome inn med mellom tre og fem millionar, slik at ein får utvikla senteret vidare i tråd med dei planane ein har lagt for drifta i åra framover.

– Det er jo ingen stor butikk, men vi veit jo at når vêr- og snøtilhøve er på vår side, så er det veldig populært. Senteret hadde jo nokon glansår på 90-talet, og vi prøver å byggje det sakte og sikkert opp att. Men det har gått saktare enn vi hadde håpa på, sler Brekke fast.