Hopp til innhold

Sommarsesongen har starta i fjellet

Vertskapet på Skogadalsbøen er klare for storinntrykk på turisthytta.

Marit Høgheim, Olav Kjell Moen og Kristin Krohn Devold

VERTSKAPET: Olav Kjell Moen og Marit Høgheim er vertskapet på Skogadalsbøen. I helga har dei besøk av generalsekretær i Den Norske Turistforening, Kristin Krohn Devold.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Den Norske Turistforening

I dag har det vore offisiell sommaropning av hyttene til Den Norske Turistforeining i fjellet.

Skogadalsbøen hadde i dag besøk av generalsekretær i Den Norske Turistforening, Kristin Krohn Devold.

– 490 hytter er no klare for innrykk. Vi ønskjer alle velkommen til ei herleg sommar i den norske fjellheimen, seier ho.

Håper på fleire enn i fjor

Hilde Mesics Kleven og Bente Lise Dagenborg på veg til Skogadalsbøen

SOMMARSTART: I dag er det offisiell sommaropning av hyttene i fjellet.

Foto: Sindre T. Lønnes / Den Norske Turistforening

På Skogadalsbøen blei sesongopninga markert med middag og bålkos. Vertskapet Marit Høgheim og Olav Kjell Moen håper på mykje folk i sommar. Høgheim gler seg over å vere i gang.

– Det er veldig kjekt når sesongen startar. Vi har jobba på for å få hytta klar. I tillegg har vi baka og fått på plass maten, seier ho.

No blir dei på Skogadalsbøen fram til 15. september. I fjor var det 2800 innom hytta, i år håper dei på fleire.

Tjuvstarta

Skogadalsbøen tjuvstarta sist helg då dei markerte 125 årsjubileet for hytta. Moen seier dei har hatt ein god start på sesongen.

– Dette ser lovande ut. Vi håper vêrgudane er med oss framover, for vêret har litt å seie i skuldersesongane. Midt på sommaren kjem folk uansett.

Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.

SJÅ VIDEO: Dugnadsgjengen på Skogadalsbøen – Turistforeningshyttene rundt om i landet har førebudd seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang. Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfaldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.