NRK Meny
Normal

Tok snarveg til sommarkroppen – det straffa seg

Mannen i 20-åra byrja på anabole steroid for å definere kroppen før sommarferien. På hausten vart han ferska på treningssenteret.

Mannen, som er busett i Sunnfjord, er no dømd til fengsel i 30 dagar. Fengselsstraffa er utsett med prøvetid på to år. Han må også betale 10.000 kroner i bot.

Valde snarveg

Det var før sommaren 2015 at mannen ynskte å kvitte seg med underhudsfeittet. I staden for å gjere det på den naturlege måten, kjøpte han eit glas med 70–80 tablettar anabole steroid frå ein kjenning.

Dei fleste tablettane rauk med før sommarferien, men då han også heldt fram på hausten vart han til slutt ferska i ein dopingkontroll ved treningssenteret han trena ved.

Frifunnen for import

Politiet ville også få mannen dømd for å ha bestilt dopingmiddelet over internett, men retten fann ikkje dette bevist.

Mannen forklara at han hadde sett på ei nettside som selde, men at han først etter kjøpet forstod at det aktuelle glaset var kjøpt på den same nettstaden.

Mannen vart også dømd for å ha køyrt bil i rusa tilstand ein marsdag i 2016. Han vedgjekk å ha røykt hasj dagen i førevegen. Analysar viste ein påverknad tilsvarande mellom 0,2 og 0,5 promille.

Dømd for vald i fjor

Sogn og Fjordane tingrett såg formildande på at mannen erkjende forholda. Derimot såg dei straffeskjerpande på at mannen gjorde seg skuldig i fleire bort på legemiddellova og at han tidlegare er bøtelagd for tilsvarande forhold.

Mannen vart også i mars i fjor dømd til fengsel på vilkår for vald. Nokre av lovbrota han no vart dømd for skjedde i prøvetida for denne og tingretten gav difor mannen ei fellesstraff med denne.

Retten viste også til at mannen har tatt tak i eigne rusproblem, og får regelmessig oppfølging.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen