Hopp til innhold

Sommaren er her!

Gled deg over høge temperaturar i helga.

Bading i Sognefjorden

Det vert sol, sol, sol i store delar av fylket både fredag og laurdag skal vi tru meterologen. Her er eit ordentleg hopp i sjøen, sendt inn til sommarkonkurranse i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Hans-Marius Føleide

Det vert temperaturar opp mot 20 grader.

Sjå korleis ditt sommarvêr blir på yr.no .

Bading i basseng

kanskje litt plasking i eit basseng freistar i helga?

Foto: Monica Ylvisåker

Varmare og varmare...

I kystbyen Florø vert det full sol og 11 grader fredag. Men det er berre byrjinga. For laurdag gardestokken oppover, sjølv omk det vert nokre skyer på himmelen.

Førde får 14 grader som varmaste temperatur fredag og laurdag. Men om kvelden kan førdianarane vente seg varm bris med 17 grader og sol med litt skyer.

Opp mot 20 grader

Solskinn

Det vert sol, sol, sol i store delar av fylket både fredag og laurdag skal vi tru meterologen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I Måløy strålar sola frå tidleg morgon både fredag og laurdag. Sjølv om temperaturane ikkje stig så mykje meir enn 11- 12 grader, kan folk på kysten gled seg over at sommaren er på besøk.

I Sogndal og store delar av sogn kryp gradestokken opp til 16 grader fredag med ei strålande sol heile dagen. Men sogningane må kanskje bu seg på ei byge laurdag ettermiddag.

Definitivt sommar

Sommer i Salangen

Sommarkvelden skal bli fin både fredag og laurdag i store delar av fylket

Foto: Hans Erik Børve

Lærdalsøyri har same prognosar med 15 grader fredag, og utrygt for nokre byger på laurdagen på kvelden.

Meterologen sine ord er tydelege. Det vert sommar, men nokre stader kan det kome byger og skyer. Les under her kva yr.no seier

Langtidsvarsel

Jølstravatnet

Jølstravatnet ein rolge og fin sommardag.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Langtidsvarselet byr på regnbyger, liten kuling og opphaldsvêr.
Søndag til måndag vert det nordaustleg liten kuling omkring Stad, ellers bris mellom sør og aust.

Enkelte regnbyer, hovedsakleg i indre strok. Om kvelden stort sett oppholdsvêr. Små temperaturendringer.

Måndag til torsdag vert det bris omkring nord. Periodar med enkelte regnbyger i indre strok, i ytre strok for en god del pent vêr. Små temperaturendringar.

Kva skal du i helga?

Freistar eit bad? grilling på verandaen? sommarfest eller kanskje ein festival? Fortel om dine sommarplanar under her;