Hopp til innhold

Sommardugnad i staden for Sommardagar

Det skulle ha vore festival i Utvik denne helga. I staden kjem bygdefolket saman og ryddar opp etter flaumen.

Flaumøydelegging i Utvik

OPPRYDDING: Det er mykje som står att før bygda er rydda. Bygdefolket jobbar dugnad for å få det til.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er trist at det ikkje vart Sommardagar i Utvik i år, seier Aslaug Dalaker.

Ho er leiar av den vesle festivalen, som kvart år samlar folka i Utvik til forskjellige arrangement i bygda.

– Vi gler oss alltid til Sommardagane. Då kjem dei utflytta ungdommane heim, og vi pleier å seie at det alltid skin opp og blir fint ver. Det er fint ver i år også, og det er vemodig å sjå utover bygda.

Aslaug Valaker

NESTE ÅR: Sommardagane skal arrangerast som vanleg til neste år, seier Aslaug Dalaker.

Foto: PRIVAT

Etter flaumen som råka Nordfjord, vart store delar av bygda utan straum og vatn.

– Det hadde vore heilt urealistisk å arrangere Sommardagane i år. Men vi får berre vere glade for at alle som bur i bygda og alle turistar har klart seg bra, seier Dalaker.

Bygdefolket jobbar dugnad

– No går vi heime og jobbar og prøver å rydde opp. Alle står på og jobbar, og folk har rydda spesielt i sentrumsområdet.

Dalaker trur det kom mellom 50 og 70 personar på dugnaden på onsdag, der folk samla saman material og anna som flaumen tok med seg. No ligg det dungar med skrot rundt omkring i bygda, så det blir lettare å ta unna. Også dei andre dagane har det vore dugnadsarbeid.

Utvik-opprydding

JOBBAR: Ein gravemaskinførar ryddar i Utvik.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Men det er jo nesten så ein må spørje «kor skal vi begynne»? Likevel er inntrykket mitt at alle har gjort ein innsats, og at samarbeidet har vore veldig bra, seier Valaker.

Open kafé i helga

– I kveld skal det vere ein konsert på kaféen i bygda, så dei unge som har komme heim kan kose seg så mykje som det går an å kose seg i denne situasjonen, seier Valaker.

Flaum i Utvik

TRIST: Det er trist å sjå ut over bygda no, seier leiar Aslaug Valaker i Sommardagane i Utvik.

Foto: Alf Vidar Snæland

Vanlegvis på er det eit stort telt på kaia, med dans og andre aktivitetar på denne tida. Rundt 400 personar pleier å komme på dansen, ifølgje Valaker.

– Det blir Sommardagane igjen neste år. Det skal bli bra igjen, vi skal få det veldig bra i Utvik framover.