Det opplyste politiet på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag. Politiet veit ikkje kvar mannen er, men vil pågripe han så snart dei får tak i han.
- Vi etterlyser mannen både nasjonalt og internasjonalt, seier politiadvokat Knut Broberg. Politiet ønskjer førebels ikkje å etterlyse mannen med namn og bilete.
Vil ikkje ut med bevis
Politiet vil ikkje ut med kva bevis dei har mot den sikta. Men dei stadfestar at eit alibi har vist seg å vere falskt - Han kunne ikkje vere to stadar på ein gong, seier utrykkingsleiar i Kripos, Asbjørn Hansen.
- Siktinga treng ikkje bety at det ligg føre bevis som held til domfelling. Det er lågare krav til ei sikting enn det er til ein domfelling, seier politiadvokat Knut Broberg. Broberg understrekar at etterforskinga av Sogndal-drapet ikkje er over, men at politiet enno har mykje å arbeide med.
Tok nattbuss til Oslo
Somaliaren er den siste som vart sett saman med Karterudseter på veg frå utestaden Meieriet. 35-åringen fekk innvilga ferie hos arbeidsgjevaren, og tok nattbussen frå Sogndal til Oslo torsdag kveld, få timar etter at Karterudseter vart funnen død på hybelen sin på Sogndal folkehøgskule.
Sogndal kommune og UDI informerte onsdag asylsøkjarane i Sogndal om drapssiktinga.