Hopp til innhold

Sølvi skal feste med Kongen

Sølvi Grøsvik Urnes trudde det var nok ein reklame for ansiktskrem som låg i postkassa. Det viste seg at brevet var av det kongelege slaget og ein invitasjon til hagefest på Slottet.

Sølvi

HAR TRULEG FUNNE ANTREKKET: Sølvi Grøsvik Urnes har truleg kjolen klar til hagefesten i Slottsparken.

Foto: PRIVAT

– Eg trudde det var reklame på ein ny ansiktskrem eller noko. På innsida av konvolutten var det fullt av kroner. Då trudde eg det var ein bryllaupsinvitasjon, men namnet på mannen min stod ikkje der, seier Sølvi Grøsvik Urnes.

Men det var ikkje ein bryllaupsinvitasjon Førde-kvinna hadde fått, men ein invitasjon frå sjølvaste kong Harald og dronning Sonja. Med flott brevpapir og monogram i gull, ville slottet invitere til hagefest i Slottsparken.

– Det er ikkje kvar dag ein får ein invitasjon av dette slaget, så eg trudde det var tull.

Hagefesten skjer i samband med markeringa av kongeparet sitt 25-års jubileum på trona. Grøsvik Urnes var heller sjokkert over at ho var ein av dei inviterte.

– Først trudde eg at dei plukka tilfeldig frå folkeregisteret, men sånn er det visst ikkje likevel. Det er nok nokon som har nemnt meg til nokon.

Invitasjon

HAGEFEST PÅ SLOTTET: Kongeparet inviterte til hagefest med denne invitasjonen.

Ingen elitefest

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand hadde saman med fylkesmannen oppgåva med å plukke ut gjestane til den kongelege hendinga.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

INVITERTE 52 PERSONAR: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand kunne saman med Fylkesmannen invitere 52 personar frå fylket til hagefest.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Tilbakemeldinga frå slottet var at dette ikkje skulle vere noko elitefest. Gjestane skulle spegle att eit brett utval, både med tanke på kjønn, alder og sosial bakgrunn.

Under utplukkinga av gjestar fekk fylkesmannen hjelp frå ordførarane. I alt 52 gjestar frå Sogn og Fjordane har fått invitasjon.

– Hoffet sende ei oppfordring til Fylkesmannen om 50 deltakarar frå Sogn og Fjordane. Vi spurde om vi kunne invitere 52, noko som blei to frå kvar kommune. Det gjer at kongeparet inviterte 52 flotte representantar frå fylket, seier Stensvand.

Fylkesberedskapssjefen har sjølv vore på slottet tidlegare, men berre i møte. Han er sikker på at gjestane vil få ein fin hagefest.

– Dette blir eit flott arrangement som visar at vi har eit kongehus som vil vere nær folket sitt.

Kjolen er allereie klar

Skal ein først på hagefest med kongen og dronninga skal antrekket vere av det fine slaget. Sølvi Grøsvik Urnes har allereie kjolen klar.

– Eg må forhøyre meg om kva som er normalt antrekk, men eg har ein veldig fin kjole frå bryllaupet til dottera mi. Ikkje av typen galla, men enkel og fin.

Etter initiativ frå kongeparet samlast 1500 personar frå heile landet til fest i Slottsparken 1. september.

Assisterande kommunikasjonssjef ved Det Kongelige Slott, Sven Gjerulfsen, ville ikkje røpe for mykje av kva som vil skje på festen, men litt kunne han lette på sløret.

– Vi skal ikkje avsløre for mykje av sjølve festen, for det skal vere ein overrasking for gjestane, men det vil vere både mat, drikke og underhaldning.

Det kongelige slottet

FEST: Slottet vil ikkje røpe kva som skal skje under festen i Slottsparken.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix