Hopp til innhold

Solveig skal leie Klassequizen

Florø-jenta Solveig Hareide skal vere programleiar for finalen i ei stor spørjetevling NRK set i gang i haust.

Solveig Hareide

GLER SEG: Solveig Hareide har alt teke i bruk kle som glitrar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Den store landsfinalen med 19 fylkesvinnarar skal gå på NRK1 laurdag 4. mai i beste sendetid. Programmet skal vare i ein og ein halv time. Solveig gler seg som ein unge til oppgåva.

– Dette blir spennande og kjempemoro. Tenk å ha 57 tenåringar i studio på ein gong.

Fylkesfinale 21. februar

Det heile startar i lokalseningane til NRK på radio 12. november. Alle ungdomsskulane i landet er inviterte til å melde på eit lag med tre elevar frå 10. klasse.

(Artikkelen held fram under biletet).

Klassequiz-laget til Vassenden skule

KLARE TIL DYST: Laget til Vassenden skule i Jølster. Frå v. Omar Båfjord Ismaili, Martin Andre Koskinen Hjelle og Signe Bjotveit.

Foto: Connie Hamre

Til saman 316 skular har meldt på lag. I Sogn og Fjordane er 27 av 46 ungdomsskular klare til dyst. Dei fire beste laga går til semifinalar, og til slutt skal fylkesvinnaren kårast i ein finale 21. februar.

Laget som vinn der får 5000 kroner til klassekassa si, og får vere med i landsfinalen i Oslo 4. mai. NRK spanderer reise og opphald på dei.

Ein reporter frå kvart distriktskontor dreg to dagar i veka ut og stiller spørsmål til lag frå to skular kvar dag. Tre firedelar av spørsmåla er laga sentralt. Dei same spørsmåla blir stilte 19 ulike stader i landet samstundes. I tillegg blir det laga lokale spørsmål.

(Artikkelen held fram under biletet).

Erlend Blaalid Oldeide

FÅR DET TRAVELT: Erlend Blaalid Oldeide skal besøke 27 skular.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I Sogn og Fjordane er det Erlend Blaalid Oldeide som har teke på seg oppgåva med å reise frå skule til skule og få quizen på lufta. Det blir travelt, men han gler seg til å snakke med 10. klassingane og teste kunnskapane deira.

– Må øve meg på å vere streng

For Solveig Hareide blir oppgåva no å førebu seg på den store tv-sende finalen i Oslo. Ho ser at dette blir nokså ulikt det ho har gjort til no, som t.d. å vere progamleiar for Newton og Kosinus.

– Eg må øve meg på å gå i høghæla sko, eg har alt teke i bruk sko med halvhøge hælar, og så blir det vel kjole med glitter og stas. Men det viktigaste er nok å førebu meg på å stille spørsmål og skilje mellom rette og nesten rette svar. Eg har fått beskjed om å vere streng, og det må eg øve meg på.

(Artikkelen held fram under biletet).

Stuenes skole i klassequizen

PÅ SØRLANDET: NRK Sørlandet har arrangert Klassequizen to år. Dette er laget til Stuenes skole.

Foto: Berge, Asbjørn Odd / Asbjørn Odd Berge/NRK

Klassequizen har vore arrangert to år av NRK Sørlandet, men no skal heile landet vere med.

27 skular frå Sogn og Fjordane

Her er dei 27 skulane frå Sogn og Fjordane som ha meldt på lag:

  • Våge skule, Fjaler
  • Askvoll skule, Askvoll
  • Olden skule, Stryn
  • Stryn ungdomsskule, Stryn
  • Vassenden skule, Jølster
  • Kvåle skule, Sogndal
  • Farnes skule, Årdal
  • Aurland barne- og ungdomsskule, Aurland
  • Sande skule, Gaular
  • Viksdalen skule, Gaular
  • Byrknes skule, Gulen
  • Dalsøyra skule, Gulen
  • Høyanger skule, Høyanger
  • Sagatun skule, Balestrand
  • Feios skule, Vik
  • Flatbygdi skule, Vik
  • Førde ungdomsskule, Førde
  • Halbrend skule, Førde
  • Naustdal barne- og ungdomsskule, Naustdal
  • Hyen skule, Gloppen
  • Bulandet skule, Askvoll
  • Davik skule, Bremanger
  • Eid ungdomsskule, Eid
  • Lavik skule, Høyanger
  • Eivindvik skule, Gulen
  • Selje skule, Selje
  • Vågsøy ungdomsskule, Vågsøy.