Hopp til innhold

Sølvberg som ordførar i Stryn

Turistane sperra opp augene då dei kom til Stryn sentrum onsdag. For der okkuperte ein rosa traktor riksveg 15 gjennom sentrum.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

ORDFØRAR PÅ ROSA TRAKTOR: Arne M. Sølvberg spelar ordførar i Stryn.

Og når det er ein rosa traktor inne i biletet veit dei fleste nordmenn at Moods of Norway er på ferde. Denne gongen er det innspeling av ein film som skal brukast til å skape blest om neste års kolleksjon.

På det rosa traktorsetet sat ein mann som vi er vande med å sjå i bunad, men denne gongen hadde han ein kreasjon som låg eit stykke frå nordfjordbunaden.

(Artikkelen held fram under biletet).

Moods of Norway - filmopptak i Stryn

AVSPERRA: Hovudgata i Stryn var stengd under opptaka.

Foto: Arne Vik

Sølvberg er hovudperson

Arne M. Sølvberg er spelemann og gardbrukar, no og hovudperson i reklamefilmen til Moods of Norway.

– I denne filmen er han ordførar i Stryn, fortel Kristian Roset Hansen, som er lokal tilretteleggar for filminnspelinga.

– Det er ikkje første gongen han opptrer for Moods of Norway, han var med på eit oppleg gi Oslo for nokre år sidan.

– Sans for dei ville påfunna

Sølvberg sjølv syntest det var moro å vere med på opptaka og få vere ordførar i Stryn for ei kort stund.

– Eg trur nok det er kjekkare å vere ordførar i tre dagar enn i fire år. Men dette var moro, eg har sans for desse ville påfunna til Moods-gjengen, og dette var spenstige greier.

Sølvberg skulle eigentleg ha klipt seg før han dreg på Landskappleiken torsdag, men det fekk han ikkje gjort før opptaka var gjort, og det tok folk frå filmteamet seg av.

Roset Hansen vil ikkje røpe for mykje om innhaldet i reklamefilmen, men det handlar om ein fiktig filmfestival i Stryn.

(Artikkelen held fram under biletet).

Filmopptak med drone i Stryn

FILMA FRÅ LUFTA: Strynebedrifta Droneservice hjelpte til med opptak frå drone.

Foto: Arne Vik

Strålande vêr

Dei har filma sidan måndag , og dermed har dei fått varierande vêr under opptaka. Men onsdag var det strålande.

Opptaka gjorde at hovudgata, som er identiske med riksveg 15, var stengd i korte bolkar dei fem timane filminga pågjekk.

– Det vart litt opphoping av bilar, men folk tok det med godt humør, dei fotograferte det som skjedde, ein rosa traktor er ikkje daglegdags.

Skal visast i august

Filmen blir på mellom fire og åtte minutt, og den skal visast første gongen i august. Då skal Moods of Norway vise fram kolleksjonen som kjem eit halvt år seinare.

Filmopptak i Stryn

MUSIKK: Korpsmusikantane i Stryn har og ei rolle.

Foto: Arne Vik