Hopp til innhold

Sølv og bronse i sandvolley

Sandvolleyballgutar frå Førde imponerte under NM i Tønsberg i helga.

Førde volleyballklubb var godt representert med to lag i både Gutar 19- og Gutar 17-klassen, og det var dei to laga i 17-klassa som gjorde det best, med sølv og bronse under meisterskapet.

Duoen Bendik Huus og Leonard Hornnes spelte seg til finalen under NM. Men etter ein jamn kamp måtte gutane sjå seg slått av eit lag frå Volda.

Lars Fredrik Tvinde og Kjell Erik Kvamsdal fekk med seg bronsemedaljar etter turneringa i helga.