Og Pilskog Stein, som ikkje har skote ein utandørs finale før, er svært nøgd med innsatsen. For første gong klarte han ikkje berre å kvalifisere seg til i finalen i vanleg seniorklasse, men skaut seg like godt heilt opp til sølvplass.
Senior i seks år
Etter å ha drive med seniorskyting i seks år viste Pilskog Stein i helga at også han kan hevde seg blant dei beste. Pilskog Stein seier skytinga gjekk akkurat som den skulle.
Mørk tok bronse
Også Odd Martin Mørk frå Loen fekk det til. Han kunne ta med seg medalje i bronsefarge i klassen senior trinseboge. Og dette er første utandørs NM-medalje også for Mørk. Mørk har frå før av bronsemedalje i innandørs-NM frå i fjor og sølv i lagskyting frå VM i Spania i år, der begge skyttarane var med landslaget.