NRK Meny
Normal

SOLUND: Sp får truleg ordføraren

Senterpartiet vart det største partiet med 34,5 prosent av røystene i Solund, eit lite hestehovud føre Høgre.

Gunn Mongstad

KLAR TIL Å BLI ORDFØRAR: Gunn Åmdal Mongstad (Sp) blir truleg den nye ordføraren i Solund.

Foto: Bård Siem / NRK

Vallogo

Sp går fram 6,1 prosentpoeng til 34,5 prosent, medan Høgre går fram 0,3 til 34,0 prosent.

Høgre har dei siste fire åra hatt ordføraren, men Ole Gunnar Krakhellen har sagt frå seg attval, og det er Svein Jardar Utvær som står på førsteplass på lista til Høgre. Men han har ikkje signalisert at han er ordførarkandidat.

Det har heller ikkje Tom Færøy, som står på førsteplass på lista til Arbeidarpartiet. Dermed tyder mykje på at Gunn Åmdal Mongstad frå Senterpartiet blir den nye ordføraren i Solund. Ho er veldig nøgd med at dei vart største partiet.

– Det var berre så vidt, men det held. Eg er nøgd, det var veldig ope sidan det denne gongen var to lister færre enn for fire år sidan. Det var ikkje så lett å sjå kvar dei ville hamne.

– Eg er viljug

Men fasiten viser at dei 23,6 prosent av røystene som ved førre val gjekk til dei to listene som ikkje er med no, fordelte seg på Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet.

Og Gunn Åmdal Mongstad er klar til å ta over som ordførar dersom ho får eit fleirtal bak seg i kommunestyret.

– No har eg eit grunnlag for å ta det på meg, no blir det forhandlingar, men eg er iallfall viljug til å bli ordførar i Solund.

Både Høgre og Sp får fem mandat, Arbeidarpartiet får tre og SV to mandat.

Her ser du valresultata i Solund.