Om ikkje Staten gir meir pengar til småkommunar som Solund, vil dei ikkje ha livets rett i framtida. Det seier rådgjevar hjå Fylkesmannen, Gerd Fløde Bjørlo. Ho er uroa over dei omfattande kutta Solund-politikarane har gjort. Kommunen har måtta kutta fem millionar kroner for å få neste års budsjett i balanse.
900 innbyggjarar
Små kommunar som Solund er taparane i kampen om dei statlege kronene. Sidan talet på sulingar går ned, har øykommunen òg fått mindre pengar frå staten. Med knappe 900 innbyggjarar har Solund difor nådd ei smertegrense for kor mykje dei kan kutte i skule, sjukehusheimar og barnehagar utan å bryta norsk lov. Gerd Fløde Bjørlo i Fylkesmannen ber no Solund finna ut kva det faktisk kostar å driva ein liten utkantkommune.
Viktig gjennomgang
Ein totalgjennomgang av Solund blir difor eit viktig innspel i det pågåande arbeidet med å sjå på pengeoverføringane frå Staten til norske kommunar. Dette skal gå inn i arbeidet som ser på pengeoverføringane til stat til kommune. Fylkesmannen er tydeleg på at desse løyvinga må aukast for at det skal kunne bu folk i på utkantkommunar som Solund.
- Har livets rett
Fylkesmannen meiner at Solund har livets rett som kommune og granskar Solund for å skapa forståing hjå for at det kostar ekstra å ha besetnad i utkantkommunar som Solund.