NRK Meny
Normal

Solund øvst på gründertopp

Medan industribygdene Høyanger og Årdal er dårlegast på nyetableringar, tronar Solund kommune øvst.

Petter Sortland i Høyanger Næringsutvikling.

SATSAR: Petter Sortland i Høyanger Næringsutvikling seier dei har jobba med få, men store prosjekt i kommunen.

Foto: Oddleif Løset

Det viser ei kartleggjing gjort av Bergens Tidende. Oversikta viser at vesle Solund har 12 nyetableringar per 1 000 innbyggjarar.

Det er betre enn tala for industrikommunane Årdal og Høyanger.

– Det er svært gledeleg, og positivt når ein ser kor mykje midlar som er spytta inn i områda der. Dersom vi klarer å skape så mykje utan dei same økonomiske stimulansane, så tykkjer eg det er positivt, seier leiar i Solund Næringsutvikling, Tom Erling Bahus.

Høyanger i botn

Tal nye bedriftsetableringar per innbyggjar i Solund, står i sterk kontrast til dei tradisjonelle industrikommunane Årdal og Høyanger. Sjølv om dei samla har fått over 100 millionar kroner i omstillingsmidlar sidan 2004.

Oversikta viser at Høyanger har seks nye etableringar i året per 1 000 innbyggjarar, noko som plasserer dei fjerdesist av kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Eg trur noko av grunnen er at vi har jobba med færre, men større prosjekt, seier Petter Sortland i Høyanger Næringsutvikling.

– Ikkje heile sanninga

Han meiner det er meir enn berre mange nyetableringar som er viktig for å skape arbeidsplassar. Jan Heggheim, fylkesdirektør for næringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, er samd.

Han meiner tala ikkje fortel heile sanninga.

– Eg er ikkje utan vidare villig til å vere med på at det er talet nyetableringane som er styrande. Det er vel heller kvaliteten på dei. Slik eg kjenner etableringane i Høyanger, så er det gode etableringar som har god sjanse til å lukkast.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast