NRK Meny
Normal

Solund manglar hus

Etter mange år med fråflytting har trenden snudd i Solund. No manglar dei bustader til alle som vil flytte til kommunen.

Hardbakke i Solund
Foto: Tor Arne Hauge

Minst 20 personar er interesserte i å flytte til kystkommunen, og no søkjer kommunen etter husvere til dei på internett.

Fleire familiar

- Det er ei positiv utfordring. Fleire familiar ønskjer å bu i Solund, men dei treng ein plass å bu. Der har vi ei utfordring no, seier Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad.

Fråflyttingstrenden i Sogn og Fjordane har me høyrd om lenge, og spesielt gjeld det dei små og grisgrendte kommunane. Slik har det også vore i Solund - men no har det altså snudd.

Treng meir arbeidskraft

Når Tom Erling Bahus i Solund Næringsutvikling og Åmdal Mongstad skal forklara kvifor så mange no ynskjer å flytta til Solund, peikar begge på at det går bra i kommunen om dagen.

- Det skjer mykje positivt i næringslivet i Solund. Det er behov for meir arbeidskraft, seier ordføraren.

- Det vi no ser er resultatet av medviten jobbing i eitt års tid. No byrjar vi å hauste fruktene, ikkje minst i den nederlandske og tyske marknaden. Men også folk som opphaveleg er frå Solund ser at det skjer noko og kjem tilbake, forklarar Bahus.

Søkjer på internett

Så no lyser ordføraren etter husvære til dei potensielle sulingane på internettsida til kommunen.

- Vi fekk ei tilbakemelding alt dagen etter. Eg håpar det kjem fleire, også frå folk som ikkje bur i kommunen, men som eig hus her.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy