Steinar Krakhellen
Kommunane i Sogn og Fjordane vil få ein vekst i dei frie inntektene på 3,9 prosent neste år, 0,5 prosent lågare enn landsgjennomsnittet. Det er store individuelle skilnader mellom dei enkelte kommunane, og Solund får ein tilbakegang i dei frie inntektene på 2,3 prosent.
Solund-ordførar Steinar Krakhellen (Høgre) er frustrert over eiga regjering. Han meiner det er dei grisgrendte stroka som no må betale prisen for partifellene sin politikk. Han trur det kan verte vanskeleg å oppretthalde alle lovpålagde oppgåver om kommunen ikkje får meir pengar.