Hopp til innhold

Solskjær ringte Hovland for å få han til Molde

Ole Gunnar Solskjær har personleg kontakta Even Hovland for å få han til Molde.

Even Hovland

SOLSKJÆR VIL HA HAN: Sogndal-spelar Even Hovland har hatt lang samtale med Ole Gunnar Solskjær om overgang til Molde.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Ole Gunnar Solskjær

VIL HA HOVLAND: Ole Gunnar Solskjær vil ha Even Hovland til Molde

Foto: PHIL NOBLE / Reuters
Trond Fylling

IRRITERT: Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling, skulle helst sett for seg at Solskjær tok kontakt med dei først.

Foto: Scanpix

– Eg hadde ein lengre prat med Solskjær, seier Hovland til NRK.no.

Han har lyst til å bli midtstoppar på Molde, men er avhengig av at klubbane blir samde.

– Han sa han ville ha meg

Den 21 år gamle Sogndal-spelaren blir sett på som det kanskje største unge stoppartelentet i Norge.

For ikkje lenge sidan var han svært nær ein overgang til Molde Fotballklubb, men overgangen gjekk i vasken.

Men Molde har ikkje gjeve opp, og nyleg var Solskjær sjølv på tråden til Hovland. Der fekk 21-åringen høyre at han var sterkt ønska i Molde, og at han vil passe ypperleg saman med Vegard Forren som midtstoppar i Molde.

– Han sa at han ville ha meg, men det er klubbane som må bli samde, seier Hovland.

Overgang fristar Hovland

Hovland innrømmer at ein overgang til Molde fristar, spesielt no når Solskjær kjem tilbake.

– Han vil ha mange nye spelarar inn og satse på dei. Det hadde vore ein fantastisk moglegheit å fått bli med på det, men vi får sjå korleis det endar, seier Hovland.

– Men dersom du blir i Sogndal, korleis ser du på det?

– Det er ei fin utfordring det. Vi får ein vanvittig tøff motstand neste år, svarar Hovland.

«Solskjær burde tatt kontakt med oss først»

Sogndal Fotball har tidlegare meint at Molde var feil klubb for Even Hovland. Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i dag. Men han skriv følgjande i ei tekstmelding til NRK:

«Det er synd viss det stemmer. Er ikkje alltid like lett (...). Gjer Solskjær dette, bør han kanskje ringe oss først. Vi har alltid hatt ein god dialog med Molde før.»

SMS frå Trond Fylling