Hopp til innhold

Solskjær vil ha Hovland til Molde

Sogndal skal diskutere sal av Even Hovland med Molde til helga. Sjølv er midtstopparen open for ein overgang.

Even Hovland
Foto: Sander Heggheim / NRK

- Vi vil ikkje selje Even, vi vil byggje laget rundt han til neste år. Om Molde vil ha han no, må dei betale utruleg godt, seier Trond Fylling.

- Dei baud mellom fem og seks millionar kroner sist dei var ute etter han. Må dei by meir no?

- Det kan eg ikkje seia noko om no. Eg skal ha eit møte med dei til helga, og så får vi sjå kva dei kjem opp med denne gongen. Dei har prøvd seg mange gonger før også, seier Fylling.

Molde sitt siste bod på Sogndal si unge midstopparkjempe kom seinast i august. Den gongen takka Sogndal nei, både fordi dei ville halda på spelaren i tillegg til at Fylling meinte forutsetningane ikkje var på plass i Molde.

Solskjær lokkar for midtstopparen

Sidan den gong har Molde berga plassen i eliteserien med klar margin, Ole Gunnar Solskjær har komme inn som trenar og Kjell Inge Røkke skal ha lagt store pengesummar til spelarkjøp på bordet for å lokke den tidlegare Manchester United-stjerna heim.

Det gjer Molde til ein av svært få klubbar som faktisk har pengar å betale med i dagens kriseråka fotballøkonomi.

- Du kan trygt seie forutsetningane har endra seg no, ler Fylling.

Ser på Molde som interessant

- Eg ser det som interessant om eg skulle få moglegheiten hos Molde. Dei har ny trenar, god økonomi og avslutta sesongen bra, seier hovudpersonen sjølv.

- Kva betyr det at Solskjær er Molde-trenar?

- Det påverkar meg positivt. Eg hadde han i to veker i United då eg var der og trente. Men eg framleis Sogndal-spelar og er under kontrakt med dei, påpeikar Hovland.

Midtstopparen fryktar konsekvensane av at Lars Grorud går til Brann, og at Piotr Leciejewski no ser ut til å gå den same vegen.

- Even vil til større liga

- Even er ein spelar som ønskjer seg ut og gjerne til ein større liga. Vi må hjelpe han fram mot det, men vi vil ikkje sitje att med svarteper og få eit lag som ikkje er godt nok, seier Fylling.

Spørsmålet er om det er den situasjonen Sogndal no er på veg mot.

Alt før sesongen var over var det klart at kaptein Lars Grorud skulle til Brann . Snart kan keeper Piotr Leciejewski gå same vegen . Dersom Hovland også reiser tek det til å bli tynt med profilar att på Fosshaugane.

Laget som skulle vorte styrkt fram mot spel i Eliteserien, står i staden i fare for å bli ribba.

- Vi kan ikkje halde på dei

- Ja, og det er ikkje noko nytt i historia vår. Det er slik vi må jobbe. Sist vi prøvde å halde på spelarar over tid fekk vi ei utvikling som var veldig nedadgåande og negativ for oss. Vi må rekne med at dei beste spelarane våre reiser til betre klubbar. Det betyr at vi har gjort ein god jobb. Men då må vi vere gode i den andre enden også og utvikle spelarar, seier Fylling.

Han siktar til perioden på midten av 2000-talet, då klubben strekte seg langt for å halde på spelarar som Anders Stadheim, Tommy Øren, Terje Skjeldestad og Rune Bolseth.

- Dei blei her for lenge og lønsutgiftene gjekk opp. Det enda med store underskot slik at vi måtte selje for mange på ein gong.

Viktigaste spelaren på laget

Eit sal av Even Hovland vil uansett vere meir alvorleg enn til dømes Piotr Leciejewski og Lars Grorud. Hovland er ung, lokal, har eit internasjonalt tilsnitt i spelet og er hjørnesteinen i Sogndal sitt spel.

Både bakover, der midtstopparen har fart og fysikk til å ordne opp i det meste, men også offensivt der Hovland sine lange og presise pasningar har vore grunnlaget for mykje av laget sitt angrepsspel.

- Først og fremst vil vi ikkje selje Even. Vi vil beholde han og bygge laget rundt han. Men no får vi sjå kva Molde kjem med til helga, seier Fylling.