Hopp til innhold

Tende lys i solidaritet for dei mange brannråka i Lærdal under gudsteneste

Folk kom i flokk og følgje til Hauge kyrkje i Lærdal i solidaritet etter storbrannen sist helg. – Det er sterkt å stå her, sa sokneprest Helene Langeland.

Solidaritetsgudsteneste

SAMLA I SOLIDARITET: – Vi er alle berørte etter brannen, sa sokneprest Helene Langeland etter solidaritetsgudstenesta i kveld i Hauge kyrkje.

Foto: Jan Christian Jerving

Det var ei nesten fullsett Hauge kyrkje som i kveld samla innbyggjarar i solidaritet etter storbrannen sist helg.

I storbrannen brann 17 hus ned til grunnen og fleire enn 100 personar vart behandla for røykskadar.

–Ei sterk oppleving

– Det er sterkt å stå her, sa sokneprest Helene Langeland i innleiinga til kyrkjelyden. Fleire av dei som var samla til gudstenesta hadde mista alt dei eigde i brannen.

– Det var både sterkt og godt. Her var samla alle slags folk som var berørte på ulikt vis. Vi er jo alle berørt på ulikt vis, seier Langeland.

Gudstenesta var ein kombinasjon av gudsteneste og konsert der mange bidrog. Mellom anna hadde konfirmantane skrive forbøn der blant anna takka for at ingen døydde, og takka for alle dei som hadde vore med å slokke brannen.

(Saka held fram under biletet)

Sokneprest og prost i Lærdal

STERK OPPLEVING: Gudstenesta søndag kveld var ei kombinasjon av gudsteneste og konsert. Mange bidrog for å gjere kvelden til ei god stund, sa sokneprest Helene Langeland. Prost Kjetil Netland bidrog og under gudstenesta.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det var ei stemningsfylt samling. Det eg håpar er at vi forhåpentlegvis kan gje kvarandre styrke i ei slik stund. Eg håpar og trur at det gav like mykje til andre som til meg, seier soknepresten.

"Lys og varme"

Også i nabobygdene vart det halde gudstenester i dag, der det vart samla inn offergåver til dei som er råka av brannen.

Gudstenesta vart avslutta med fellessong av "Lys og varme".

– Det var ekstra sterkt å synge saman Åge Aleksandersen sin tekst, det trur eg var det sterkaste. Teksten med håp og varme vart veldig sterk i kveld, avsluttar Langeland.