Hopp til innhold

Solid resultat for Havyard Group

Sjølv om marknaden framleis ikkje er i nærleiken av toppen i 2006/2007 leverte Havyard Group eit resultatet på 99 millionar før skatt.

Seven Havila

ÅRETS OFFSHORESKIP: Seven Havila

Foto: Pressefoto

– Dette stadfestar at det vi har gjort dei siste åra med å ta større grep om heile verdikjeden, har vore rett, seier konsernsjef Geir Johan Bakke.

Driftsresultatet blei i 2010 på 117 millioner kroner før avskriving, mot 71 millioner kroner i 2009.

Størst auke

Havyard Group er delt inn i ulike forretningsområde, og det er Havyard Ship Technology, som har ansvaret for bygging av skip, som står for størsteparten av auka.

Verftet i Leirvik i Sogn leverte 3 skip i løpet av 2010, blant anna dykkerskipet Seven Havil som vart kåra til årets offshoreskip.

Ser lyst ut

Havyard group har kontrakt på 20 skip som skal leverast fram til 2012 av eigne og eksterne verft.

– Det har aldri sett lysare ut enn akkurat nå. Havyard har nokre trygge og spennande år i vente, seier Bakke.