Hopp til innhold

Dryssar over 100 millionar tilbake til kommunane

Sogn og Fjordane energi betalar over 100 millionar tilbake til eigarane etter eit svært solid 2013. Mellom anna sit fylkeskommunen att med eit utbytte på over 48 millionar kroner.

Gjengedal SFE

GODT RESULTAT: Konsernsjef Terje Gjengedal i SFE kunne i føremiddag presentere eit årsresultat på over 134 millionar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kraftkonsernet kunne no i føremiddag presentere eit årsresultat etter skatt på heile 134,3 millionar kroner. 70 prosent av dette skal betalast ut som utbytte til aksjeeigarane i SFE.

– Det er sjølvsagt eit godt årsresultat som eg tykkjer er gledeleg utfrå den eigarsamansetninga vi har. 70 prosent av overskotet går attende til det kommunar og fylkekommunen i form av utbyte, seier konsernsjef Terje Gjengedal til NRK.

– Kjem samfunnet til gode

Nær halvparten av aksjane i SFE er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune, medan resten er delt mellom BKK og fleire kommunar i Nordfjord og Sunnfjord.

– Det aller meste kjem samfunnet til gode. Det er ikkje noko SFE sit og held tilbake i si kasse. Vi delar tilbake til lokalsamfunna, seier Gjengedal.

Det er ikkje minst ei høg inntekt på nettleige som gjer at SFE i dag kunne presentere sitt beste resultat sidan 2007.

– Eg ser det som veldig gledeleg at vi leverer gode resultat for eigarane våre. Dermed kan dei investere vidare i lokale tiltak, sler Gjengedal fast.


Slik vert overskotet i Sogn og Fjordane energi fordelt:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune: 48,4 mill
  • BKK: 38,8 mill
  • Flora kommune: 4,5 mill
  • Gloppen kommune: 3,4 mill
  • Bremanger kommune: 2,4 mill
  • Askvoll kommune: 1,5 mill
  • Selje kommune: 1,4 mill
  • Eid kommune: 01, mill
  • Naustdal kommune: 0,07 mill

Mindre snø i fjella

Ved inngangen til 2014 hadde SFE sine vassmagasin rett nok ei fyllingsgrad på 80%, noko som er høgare enn normalt.

– Men med ei mindre snømengd i fjella enn det som er normalt, er det venta at produksjonsselskapet vil produsere mindre kraft enn den gjennomsnittlege årlege produksjonsmengda på 2 065 gigawatt, heiter det i pressemeldinga som SFE sende ut om årsresultatet.

Ikkje like godt neste år

Konsernsjefen peikar på at det gjer at dei ikkje kan forvente eit like godt resultat for inneverande år.

– Mindre produksjon, lågare marknadsprisar på kraft, og ei lågare inntektsramme for nettselskapet, fører til at vi ikkje kan vente oss eit like godt resultat for 2014, seier Gjengedal.