Solid overskot for NM

NM i friidrett på Byrkjelo i fjor sommar gav solid overskot for arrangørklubben Breimsbygda. Det skriv klubben Facebook. Overskotet er på 633.791 kroner, som vert brukt til bygging av ei joggeløype rundt Byrkjelo stadion. Stjerner som Karsten Warholm og brørne Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen var alle på startstreken under NM.

Byrkjelo stadion NM 2018
Foto: Thomas Brakstad / NRK