Det er ei resultatforbetring på nær ein milliard sidan botnåret 2002, då regionhelseføretaket hadde om lag 500 millionar i underskot.
– Det viser at sjukehusreforma har vore ein suksess når det gjeld eitt av hovudmåla som var å få kontroll på økonomien, seier styreleiar Oddvard Nilsen i ei pressemelding.
Han meiner sjukehusa på Vestlandet har gjort ein formidabel jobb dei siste åra, og at det gode resultatet vil sikre pasientane eit endå betre helsetilbod i åra framover.
– Dette gjer at vi kan tilby stadig betre pasientbehandling og moglegheit til å investere i store nybygg som nytt barne- og ungdomssenter i Bergen, fleire nye distriktspsykiatriske senter, og ny barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i Stavanger. Vi vil òg investere i viktig utstyr og IKT-system, seier han.
- LES OGSÅ: