NRK Meny
Normal

Solid Dale-siger

Dale vann 3-0 over Radøy/Manger i treningskamp på Ostereidet laurdag.

Dale har vore ustabile i treningskampane i vår, og sigeren over laget som kom på andreplass i 3. divisjon i Hordaland i fjor var viktig, seier ein nøgd Dale-trenar, Stian Neset.

-Kampen var jamspelt dei første 15-20 minutta, men så tok vi meir og meir over. I andre omgang hadde vi full kontroll, og vi burde skåra to-tre mål til. Vi er veldig godt trena, og det er veldig viktig å ha med seg mot seriestarten, seier han.